266 millionar kroner til å ta igjen tapt læring hos barn og unge

Regjeringa foreslår å løyve 266 millionar kroner til ulike tiltak som kan hjelpe elevar å ta igjen fagleg og sosial læring dei har tapt under pandemien. – Vi skal ta ekstra godt vare på dei som har hatt det vanskeleg under krisa. Mange barn og unge som hadde det vanskeleg frå før, har fått det verre. Pengane kan brukast til ulike tiltak, som til dømes leksehjelp eller fleire tilsette i skular og barnehagar, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Dei 266 millionane kjem på toppen av dei 170 millionane som blei løyvde i 2020 og dei 160 millionane som blei løyvde for våren 2021.

– Nedstengingar og periodar med heimeundervisning kan ha hatt negative konsekvensar for mange elevar. Regjeringa vil at elevane skal kunne ta igjen tapt sosial og fagleg læring og bidra til at elevane held fram skulegangen, seier Melby.

Av dei 266 millionane foreslår regjeringa at 250 millionar kroner tildeles kommunane, fylkeskommunane og friskulane. Tilskotet kan mellom anna gå til leksehjelp, ettermiddagsskule, intensivkurs eller fleire lærarar og andre tilsette i skulen. Tilskotet kan òg nyttast til tilsette i barnehagar.

Ti millionar for å ta igjen tapt læring og tidleg innsats i levekårsutsette område

Regjeringa foreslår ti millionar kroner til å ta igjen tapt læring i utsette område. Områda som no får ekstra midlar er Groruddalen i Oslo, Oslo indre aust, Oslo sør, Fjell i Drammen, Storhaug i Stavanger, Saupstad-Kolstad i Trondheim og Loddefjord og Olsvik i Bergen.

– Enkelte område er meir råka av pandemien enn andre. Derfor foreslår vi ekstra midlar til åtte område som truleg er hardast råka av pandemien, seier Melby.

Seks millionar til digital leksehjelp

Som følge av pandemien har etterspurnaden etter digital leksehjelp auka. Raudekrossen si digitale leksehjelp er eit tilbod til elevar på ungdomsskulen og i vidaregåande skule som treng hjelp og støtte med lekser og skulearbeid. Regjeringa foreslår å gje seks millionar kroner til utvikling av tilbodet og å kunne tilsette fleire.

– Eg er glad for at Raudekrossen stiller opp og bidreg med eit tilbod for barn og unge. Det er heilt klart eit behov der ute som Raudekrossen kan vere med å dekke opp, seier Melby.

30 millionar til vaksenopplæringa

Òg i vaksenopplæringa er det naudsynt med tiltak for at fleire skal kunne fullføre. Særleg har det vore utfordringar med tilgangen til digitalt utstyr.

– Regjeringa har som mål at vaksne skal kunne få utdanning og jobb. Med stengte tilbod, står fleire vaksne i fare for å droppe ut og ikkje fullføre utdanninga. Det vil ha store konsekvensar når dei skal søke jobb, seier Melby.

Derfor foreslår regjeringa 30 millionar kroner til ei tilskotsordning som skal rettast inn der behovet er størst.

To typar tiltak vil bli prioriterte: Tilbod om forsterka opplæring eller intensivkurs og innkjøp av digitalt utstyr i kommunane, som kan lånast ut til deltakarar i opplæringa.