- Når skulehelsetenesta og helsestasjonane førebygger sjukdom og fangar opp born, unge og familiar som slit gjer dei ein veldig viktig jobb. Å førebygge psykiske helseproblem hjå born og unge er å investere i fremtida deira. Eg er veldig glad for at kommunane bygger ut dette tilbodet og prioriterer gode oppvekstvilkår for born og unge. Tal frå SSB syner også ein sterk vekst i årsverk for helsesjukepleiarar. Vi er likevel ikkje i mål, og vi vil halde fram satsinga, seier helseminister Bent Høie.

Helsedirektoratet har no fordelt det øyremerka tilskotet for 2019 etter søknad. 286 kommunar har fått tilskot på omlag 330 millionar.