32,6 milliardar kroner i straumstøtte i 2022

Staten betalte nærare 32,6 milliardar kroner i straumstøtte til norske hushald i 2022. For eit gjennomsnittshushald i Sørvest-Noreg betyr det at fellesskapet har dekt om lag 26 000 kroner av straumrekninga gjennom året.

– I Noreg stiller me opp for kvarandre i tøffe tider. Straumstøtta er god og hjelper dei som treng det, og regjeringa har varsla at straumstøtteordninga skal forlengast ut heile 2024, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Den største summen vart utbetalt i desember månad, med om lag 8,5 milliardar kroner. Frå januar til november vart det totalt utbetalt om lag 24,1 milliardar kroner. Det var månadene juli, august og september som gjennomsnittleg hadde dei høgaste straumprisane i 2022. For juli månad vart det utbetalt 1,5 milliardar kroner i straumstøtte, i august 3,65 milliardar kroner, og i september 4,55 milliardar kroner.

Hushald som bur i det sørlege Noreg har fått utbetalt straumstøtte kvar månad i 2022. I desember fekk heile landet utbetalt straumstøtte som følgje av høgare straumprisar også i Midt- og Nord-Noreg.

Sidan enkelte nettselskap ikkje fakturerer kundane kvar månad, er det først nokre månader på etterskot me veit kor mykje straumstøtte som har blitt utbetalt i enkeltmånader.

For 2023 er straumstøtteordninga, slik den er utforma i dag, anslått å koste 44,7 milliardar kroner. Det betyr at dei samla utgiftene til straumstøtte i 2022 og 2023 kan kome opp i meir enn 70 milliardar kroner.

Eksempel

Det var straumkundar i Sørvest-Noreg som opplevde dei høgaste straumprisane i fjor.

Frå januar til og med desember 2022 vil eit hushald i Sørvest-Noreg med eit gjennomsnittleg årleg forbruk på 20 000 kWh få dekka om lag 26 000 kroner av straumrekninga.

Frå januar til og med desember 2022 vil eit hushald som bur i leilegheit med eit gjennomsnittleg årleg forbruk på 11 000 kWh få dekka rett i underkant av 15 000 kroner av straumrekninga.

I begge eksempla vil hushalda få dekka om lag 43 prosent av den totale straumrekninga.

Graf som viser kor mykje av straumrekning straumstøtta dekt i 2022.
Graf som viser kor mykje av straumrekning straumstøtta dekt i 2022. Foto: Olje- og energidepartementet

Fakta om straumstøtteordninga

Den mellombelse straumstøtteordninga vart etablert i desember 2021 for å hjelpe hushalda med å handtere dei ekstraordinært høge straumprisane. Ordninga fungerer slik at når den gjennomsnittlege spotprisen for månaden går over 70 øre/kWh i det prisområdet hushaldet tilhøyrer, dekkar staten ein andel av forbruket over dette gjennomsnittet.

Ordninga har blitt styrkt og forlenga fleire gongar, og regjeringa foreslo i februar at utbetalinga av straumstøtte skal basere seg på straumprisen time for time, at støttegraden blir auka til 90 prosent over 70 øre heile året og at ordninga skal forlengjast ut heile 2024.

Eit hushald kan få dekka opp til 5 000 kilowattimar per månad. Støttegraden gjeld sjølve straumprisen. I tillegg må hushalda betale avgifter og nettleige.

Du treng ikkje søkja om å få utbetalt straumstøtte. Støtta blir utbetalt automatisk av nettselskapet, uavhengig av kva straumleverandør og straumavtale du har. Straumstøtta blir trekt frå på den månadlege rekninga for nettleige. Du kan spare pengar ved å ha eit bevisst forhold til kva straumavtale du bestemmer deg for. Forbrukarrådet har tips til kva du bør sjekke før du vel straumavtale.

Her finner du spørsmål og svar om strømstøtte for husholdninger.