Statsbudsjettet 2024

400 millionar kroner til utbygging av breiband i 2024

– Høghastigheits breiband bind landet saman og er heilt grunnleggande for at folk skal kunne bu, arbeide og leve gode liv i bygd og by i heile Noreg. Det legg til rette for betre og meir effektive offentlege tenester, eit meir innovativt næringsliv og for desentralisering av arbeidsplassar, oppgåver og tenester, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Regjeringa foreslår 400 millionar kroner til utbygging av breiband i område der det ikkje er grunnlag for marknadsbasert utbygging, i statsbudsjettet for 2024. Dette vil være ein auke frå eit allereie høgt nivå i 2023, opp med om lag 24 millionar kroner.

– Breiband er ein grunnleggjande infrastruktur på lik linje med straum og vatn. Målet er at alle husstandar og verksemder skal ha tilbod om høghastigheits breiband innan utgangen av 2025, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

I tillegg til at alle må ha tilgang til breibandnett der dei bur og jobbar, må netta være sikre og robuste. Derfor bidrar staten med tilskot til telesikkerheit og beredskap for at dei netta vi har blitt så avhengige av kan stå imot uvêr eller andre hendingar.

I forslag til statsbudsjett for 2024 har regjeringa foreslått 188 millionar kroner til auka sikkerheit og beredskap i mobil- og breibandnetta i Noreg. Dette kjem i tillegg til forslaget om 400 millionar kroner til utbygging av breiband.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22242500
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no