Historisk arkiv

4,3 milliardar bistandskroner til frivillige organisasjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Organisasjonane i sivilsamfunnet får i desse dagar 4,3 milliardar kroner til innsats i fattige land. Dette er det største samla avtalebeløpet nokon gong.

- I år vert all bistand påverka av pandemien. Covid-19 har vist at når krisa rammar, så aukar skilnadane. Det er difor viktigare enn nokon gong å nå ut til dei fattigaste. Dei frivillige organisasjonane er dei som er best posisjonerte i dette arbeidet. Dei har folk på bakken, dei veit kor innsatsen trengst og kan kome raskt til med hjelp, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein.

- Fattige land, spesielt i Afrika sør for Sahara, møter no enorme utfordringar på nær sagt alle samfunnsområde. Helsekrisa er ille, men dei sosiale, økonomiske og politiske konsekvensane av covid-19 kan bli endå verre. Dei norske organisasjonane og deira lokale partnarar i utviklingsland kan spele ei nøkkelrolle i å hjelpe dei som treng det aller mest. Dei spelar òg ei nøkkelrolle når det gjeld å nå berekraftmåla, seier han.

Avtalane som no vert inngåtte, skal medverke til å styrkje sivilsamfunna i utviklingsland og deira evne og kapasitet til å fremje utvikling i eige land. Avtalane varer i inntil fem år. 

Berekraftmåla og prinsippet om at ingen skal utelatast, er førande for alt arbeidet.  

UD og Norad har allereie vedteke å gjere vilkåra for sivilsamfunnet meir fleksible som følgje av koronakrisa. Regjeringa har styrkt den humanitære innsatsen, og store hjelpeorganisasjonar som Kirkens Nødhjelp og Norsk Folkehjelp har fått rekordstore nye avtalar.

- Eg er glad for at vi styrker støtta til organisasjonane trass i krisa, seier Ulstein.

Dei siste åra har styresmaktene i fleire land kome med restriksjonar som gjer det vanskelegare for sivilsamfunnsorganisasjonane å arbeide, og organisasjons- og ytringsfridomen er dermed trua. Noreg har difor prioritert partnarskap med norske organisasjonar som har sterke lokale nettverk og samarbeidsorganisasjonar.

- Mange land har innført ytterlegare restriksjonar dei siste vekene, og det er grunn til å vere uroa over at desse kan verte permanente. Støtta til sivilsamfunnsorganisasjonane er difor viktig for å styrkje demokratiske prosessar og institusjonar og på den måten styrke menneskerettane, seier utviklingsminister Ulstein.  

Av 35 søknader vert det no inngått avtale med tolv organisasjonar. Totalt vert det løyvt 3, 31 milliardar kroner over tre til fem år over sivilsamfunnsposten. I søknadsrunden har Norad vurdert søkjarane sin lokalkunnskap og faglege kompetanse, i tillegg til økonomistyring, kostnadseffektivitet, meirverdi og oppnådde resultat. 

- Det er eit stort ansvar å forvalte bistandsmidlar som skal til verdas fattige. Difor har vi premiert søkjarar som held høg kvalitet og kan vise til oppnådde resultat. Dei med lågast kvalitet vert fasa ut eller får reduserte tilskot, seier Norad-direktør Bård Vegar Solhjell. 

I søknadsrunden i år har Norad gjort fleire justeringar for sivilsamfunnsorganisasjonane for å setje dei betre i stand til å bidra i utviklingsland som vert ramma av covid-19-pandemien. Gå til nettstaden til Norad for å lese meir om endringane. 

Følgjande område vert framheva for søknadsrunden i år: 

  • Tiltak som medverkar til å oppfylle berekraftmåla, medrekna målet om at ingen skal utelatast. 
  • Tiltak som medverkar til å verkeleggjere menneskerettane, mellom anna rettane til jenter og kvinner, rettar som gjeld seksuell og reproduktiv helse, og tiltak mot skadelege skikkar.
  • Tiltak for å styrkje rettane til sårbare grupper, mellom anna personar med nedsett funksjonsevne og LHBTI-personar. 
  • Tiltak som fremjar godt styresett, openheit og demokratisk deltaking. 
  • Tiltak som styrkjer sivilsamfunnet, i tråd med Norads prinsipp for støtte til sivilsamfunnsorganisasjonar, medrekna ein partnarskapsmodell der ressursar og påverknad vert overførte til lokale partnarorganisasjonar.
  • Tiltak til utdanning, der støtta vert halden ved lag på eit høgt nivå, i tråd med tidlegare øyremerkte midlar på 450 millionar kroner årleg.

Norske organisasjonar som har fått innvilga søknader (alfabetisk rekkefølgje): 

Organisasjon: Adina Stiftelsen 
Avtalebeløp totalt: 3 250 000 kroner 
Avtaleperiode: 5 år 

Organisasjon: Atlas-alliansen 
Avtalebeløp totalt: 354 750 000 kroner 
Avtaleperiode: 5 år 

Organisasjon: Care Norge 
Avtalebeløp totalt: 403 602 945 kroner 
Avtaleperiode: 5 år  

Organisasjon: CapaCare 
Avtalebeløp totalt: 7 200 000 kroner 
Avtaleperiode: 4 år 

Organisasjon: Norges Vel 
Avtalebeløp totalt: 67 320 000 kroner 
Avtaleperiode: 4 år 

Organisasjon: Norsk Folkehjelp 
Avtalebeløp totalt: 974 800 000 kroner 
Avtaleperiode: 5 år 

Organisasjon: Flyktninghjelpen 
Avtalebeløp totalt: 186 300 000 kroner 
Avtaleperiode: 3 år 

Organisasjon: KFUK-KFUM Global 
Avtalebeløp totalt: 35 200 000 kroner 
Avtaleperiode: 4 år 

Organisasjon: Kirkens Nødhjelp 
Avtalebeløp totalt: 1 747 295 220 kroner 
Avtaleperiode: 5 år 

Organisasjon: Plan Norge 
Avtalebeløp totalt: 246 400 000 kroner 
Avtaleperiode: 5 år 

Organisasjon: Right to Play  
Avtalebeløp totalt: 182 825 389 kroner 
Avtaleperiode: 5 år 

Organisasjon: SOS Barnebyer 
Avtalebeløp totalt: 97 250 000 kroner 
Avtaleperiode: 5 år