Dette er første gongen SFO-sektoren får pengar til eit eige bransjeprogram.

– Gjennom regjeringa si innføring av gratis kjernetid i SFO er det rekordmange elevar som nyttar seg av tilbodet over heile landet. Då er det viktig at vi har nok tilsette med rett kompetanse. Med nye etter- og vidareutdanningstilbod får SFO-tilsette høve til fagleg påfyll som kan kombinerast med jobb, seier forskings- og høgare utdanningsminister Eileen Fugelsnes (Ap).

Forskings- og høgare utdanningsminister Eileen Fugelsnes på besøk til skulefritidsordninga ved Ruseløkka skule. Der snakka ho med dei tilsette Jesper Rogstad, Emre Leik og Tobias Solbakken om behovet for kompetanse og fagleg påfyll.
Forskings- og høgare utdanningsminister Eileen Fugelsnes på besøk til skulefritidsordninga ved Ruseløkka skule. Der snakka ho med dei tilsette Jesper Rogstad, Emre Leik og Tobias Solbakken om behovet for kompetanse og fagleg påfyll.

Stor interesse for å lage utdanningstilbod

Det har vore stor interesse for å søke om pengar til kompetanseutvikling for SFO-tilsette. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), som forvaltar ordninga, tok imot totalt 113 søknader med ei samla søknadssum på 136 millionar kroner.

No er det klart kva for 43 prosjekt som skal få gå i gang med å utvikle studietilbod.

Prosjekta omfattar mellom anna støtte til barn i sårbare livssituasjonar, leiing i SFO, foreldresamarbeid, inkludering og digital praksis. Blant prosjekta som får støtte er «Reguleringsstøtte og samspel ved utfordrande åtferd i SFO» ved Fagskolen Diakonova og «Stubbar og stunt – Rørsleglede i SFO» ved Høgskulen på Vestlandet (sjå lista under).

Nokre av dei første utdanningstilboda kan vere opne for søknader frå SFO-tilsette allereie våren 2027. Med bransjeprogramma kan tilsette i SFO få gratis kurs og utdanning.

Det er planlagt om lag 6 600 deltakarplassar dei neste tre åra, og tilboda er spreidde rundt om i landet.

I budsjettforliket for 2026 vart det vedteke å opprette eit treårig bransjeprogram for tilsette i SFO for å auke kvaliteten og kompetansen i sektoren. Ordninga med gratis kjernetid i SFO blei innført av Arbeidarpartiet og Senterpartiet i regjering etter budsjettforliket med SV.

– Eg er veldig glad for at Arbeidarpartiet saman med dei raudgrøne samarbeidspartia på Stortinget har fått på plass eit bransjeprogram for SFO-tilsette. Regjeringa er oppteken av å skape tryggleik for barn og unge, og fagleg kompetente SFO-tilsette er nøkkelen til å gi barn eit godt og trygt SFO-tilbod, seier Fugelsnes.

Spleiselag for omstilling og kompetanse

Gjennom bransjeprogrammet kan tilsette få korte, relevante og gratis etter- og vidareutdanningar som kan gjennomførast ved sida av jobb.

Bransjeprogram er ei tilskotsordning der staten og partane i arbeidslivet samarbeider om å auke deltakinga i kompetanseutvikling innan utvalde bransjar. Målet er at tilsette i bransjar med særleg behov for omstilling får nødvendig kompetanse til å meistre nye oppgåver og dermed bli verande i arbeid.

 – 113 søknader viser at det er stor interesse for å utvikle kompetansetilbod for SFO. Det er særleg viktig at tilboda er relevante for arbeidskvardagen og kan kombinerast med jobb. På den måten kan fleire tilsette få fagleg påfyll utan å måtte gå ut av arbeidslivet for å ta utdanning, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

  • Bransjeprogram er ei tilskotsordning der staten og partane i arbeidslivet samarbeider om å auke deltakinga i kompetanseutvikling innanfor utvalde bransjar.
  • Målet er å sikre kompetanseutvikling i tråd med behova i bransjane, slik at tilsette kan takle omstillingar og vere betre rusta for morgondagens arbeidsliv.
  • Gjennom bransjeprogramma kan tilsette få gratis kurs og utdanning.
  • Opplæringstilboda skal kunne gjennomførast i kombinasjon med jobb.
  • Tilskot kan gå til prosjekt av inntil tre års varigheit.
  • Tilbydarar av opplæring kan søke om tilskot, men må dokumentere samarbeid med arbeidslivet.

  • Alle tilsette i SFO kan søke på utdanningstilboda.
  • Det er planlagt om lag 6 600 deltakarplassar gjennom bransjeprogrammet for SFO-sektoren i løpet av dei neste tre åra.
  • Tilboda er spreidde rundt om i landet, og det blir tilbydd kurs og modular.
  • Mange av tilboda er òg digitale, noko som gjer dei tilgjengelege uavhengig av geografisk tilknyting.
  • Dei fleste tilboda er opne for alle tilsette i SFO, medan enkelte av tilboda er retta mot leiarar.
  • Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) forvaltar bransjeprogramma og opplever at tilboda er attraktive. Dei kjenner til fleire tilfelle der det har vore ventelister på utdanningstilboda.


  • Finansnæringa (2024-2026)
  • Informasjonstryggleik og IKT-bransjen (2024-2026)
  • Solkraftbransjen (2025–2027)
  • Industri- og byggenæringa (tredje periode 2025–2027)
  • Helse- og omsorgstenestene (2025–2027)
  • Barnehagesektoren (2026–2028)
  • SFO-sektoren (2026–2028)
  • Vakt- og tryggingsbransjen (2027–2029)
  • Vass- og avløpsbransjen (2027–2029)