Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Revidert nasjonalbudsjett

700 millioner kroner meir til Nav

Arbeids- og velferdsetaten får 700 millionar kroner ekstra til drift for å handtere pågangen som følge av koronapandemien.

Situasjonen på arbeidsmarknaden er ekstraordinær grunna smitteverntiltak mot koronapandemien, koronasjokk i verdsøkonomien og eit stort fall i oljeprisen. Presset på Nav har aldri vore større. Etaten har mottatt rekordmange søknadar om dagpengar, og opplever at folk treng meir rettleiing og oppfølging. I tillegg er presset større på utviklingssida fordi Nav jobbar for å tilpasse systema sine til nye eller endra ordningar som eit samla Storting har vedtatt. Regjeringa foreslår derfor å styrke Arbeids- og velferdsetaten med 700 millionar kroner.

– Nav må ha nok ressursar til å handtere den ekstreme mengda søknadar om dagpengar, utvikle nye løysingar og samtidig ivareta alle dei som elles treng hjelp av NAV. Derfor løyver vi betydeleg meir pengar, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen. Framlegget til Regjeringa kjem i tillegg til dei 200 millionar kronene Stortinget allereie har vedtatt.

Pengane kjem

Mange menneske opplever ein vanskeleg økonomisk situasjon medan dei ventar på at Nav skal handsame søknaden deira.

– Alle kan vere heilt trygge på at pengane kjem. Vi gjer det som trengst for at flest mogleg får så mykje som mogleg av det dei har krav på så fort som mogleg. Samtidig må ein vere førebudd på at enkelte utbetalingar vil ta noko tid, seier statsråden.

Ei forskrift om automatisering av saksbehandlinga kom på plass 29. april. Denne forskrifta kan sikre raskare saksbehandling og utbetaling. Dette gjeld for eksempel den heilt nye kompensasjonsordninga for sjølvstendige og frilansarar.

Usikker arbeidsmarknad framover

Samfunnet opnar no gradvis opp, og mange av dei som har vore permitterte kjem tilbake i jobb. Men det er fortsatt svært usikkert korleis arbeidsmarknaden utviklar seg framover. Det gjer at Nav sine anslag for kor mykje ressursar etaten treng er usikre.

– Behovet for ressursar til etaten vil avhenge av korleis saksmengden for søknadar om dagpengar, omsorgspengar og sjukepengar utviklar seg framover, seier statsråden. Han viser til at Nav allereie har henta inn fleire folk, omprioriterer ressursar, og sett mindre prekære oppgåver på vent.  Iverksette tiltak som auka bemanning og forenkla sakbehandlingsprosedyrer gjer at Nav reknar med å vere tilbake til normal saksbehandlingstid for dagpengesaker i løpet av juli, seier Røe Isaksen.

Fakta

Sidan 12. mars har Nav mottatt 433 900 søknadar om dagpengar, av desse er 9 av 10 grunna permitteringar. Tilstrøyminga av nye søknadar har falle dei siste vekene. I snitt mottok Nav ca. 29 000 nye søknadar per dag i veke 12. Førre veke var talet rundt 1 500 per dag (per 11. mai 2020).

Til toppen