I dag legg regjeringa fram Plan for Noreg. Planen inneheld dei viktigaste politiske prioriteringane for regjeringa i denne stortingsperioden. Ei sentral prioritering er auka satsing på konkurransekraft, kommersialisering av forsking og samarbeid mellom forsking og næringsliv. Statsråd Sigrun Aasland (Ap) peiker på sentera for forskingsdriven innovasjon som eit viktig verktøy for auka konkurransekraft:

– For å sikre verdiskaping, trygge arbeidsplassar og et konkurransedyktig næringsliv må vi utvikle ny kunnskap, ta ny teknologi i bruk og styrke samarbeidet mellom forskingsmiljøa og næringslivet. Derfor er kommersialisering og bruk av forsking helt sentralt i Arbeidarparti-regjeringas Plan for Noreg. Dei nye sentera blir svært viktige i dette arbeidet dei neste åra, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.

Dei nye sentera skal styrke innovasjonsevna i norsk økonomi, i tett partnarskap med næringslivet. Det finst allereie 22 forskingsmiljø med status som SFI.

Sentera blir etablerte for ein periode på åtte år, med inntil 96 millionar kroner kvar i finansiering over statsbudsjettet. Det er krav om minst 50 prosent medfinansiering frå partnarar frå næringsliv og offentleg sektor.

Stor interesse for ordninga    

Ordninga dekker alle tema og bransjar som kan ha betydning for innovasjon og verdiskaping i næringslivet. Det er Forskingsrådet som forvaltar ordninga. Til denne utlysinga tok dei imot 96 søknader.

– Eg er glad for å sjå den enorme interessa som har vore for denne utlysinga. Desse nye sentera dekker eit stort spenn og vil bidra til å utvikle kunnskap og konkurransekraft i både nye og framveksande næringar, og på meir etablerte næringsområde. Sentera vil ha stor effekt på viktige samfunnsutfordringar framover, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet.

Dei åtte nye sentera involverer til saman 16 forskingsinstitusjonar, 98 partnarar frå næringslivet, 22 partnarar frå offentleg sektor,17 internasjonale forskingspartnarar og 13 utanlandske bedrifter.

Dette er dei nye sentera for forskingsdriven innovasjon

SFI Seaweed - Centre of gravity for industrial seaweed research and innovation

Senteret skal utvikle verdsleiande industri for norsk tang og tare. Målet er å skape berekraftig biomasse som kan redusere miljøbelastninga og bidra til eit grønare skifte innan 2035. SFI Seaweed skal bidra til å løyse utfordringar i heile verdikjeda – frå dyrking til sluttprodukt. Satsinga skal styrke innovasjon, verdiskaping og sjølvforsyning, og bidra til auka og meir mangfaldig bruk av norske marine ressursar.

SINTEF skal samarbeide med mellom anna NTNU, Norsk institutt for vannforskning, 13 norske bedrifter, to kommunar/ fylkeskommunar og to utanlandske bedrifter.
Senteret skal bli leia av Jorunn Skjermo (SINTEF).  

Research Center for Innovative and Sustainable Underground Use

Målet med senteret er å utvikle ny kunnskap, konsept og løysingar for systematisk byutvikling under bakken slik at infrastrukturen der støttar viktige samfunnsfunksjonar. Undergrunnen blir stadig viktigare i byplanlegging for å møte utfordringar som urbanisering, arealpress og behov for robuste samfunnsfunksjonar. Ved å bruke undergrunnen til transport, infrastruktur og kritiske funksjonar kan byane ta vare på grøntområde, forbetre livskvaliteten og handtere kriser som klimaendringar og pandemiar.

SINTEF skal samarbeide med mellom anna Universitetet i Stavanger, NTNU, Norges geologiske undersøkelse, 15 norske bedrifter, fem kommunar/ fylkeskommunar og andre partnarar frå offentleg sektor.
Senteret skal bli leia av Eivind Grøv (SINTEF).  

SFI Sustainable Applied and Industrialized Nuclear Technology

SFI SAINT skal forske på kjernekraft som nullutsleppsteknologi for skipsfart, med mål om å utvikle, teste og skalere løysingar for kommersiell bruk. Senteret skal jobbe med regelverk, tilpassing til maritime operasjonar, energieffektivitet, integrering i skip, opplæring, utdanning, risikohandtering og forretningsmodellar. Industrialisering og tverrfagleg samarbeid vil vere sentralt. Ambisjonen er å bidra til at det blir demonstrert løysingar på norske skip i 2030-åra.

NTNU skal samarbeide med Universitetet i Bergen, Institutt for energiteknikk, SINTEF, Forsvarets forskningsinstitutt, 13 norske bedrifter, to partnarar frå offentleg sektor, fire utanlandske bedrifter og tre utanlandske forskingsinstitusjonar.
Senteret skal bli leia av Jan Emblemsvåg (NTNU).

Future Aluminium Structures

SFI FAST skal gjere det mogleg å resirkulere aluminium uendeleg utan tap av eigenskapar, ved å kontrollere ureinheiter og legeringselement. Senteret skal skape ny kunnskap og fremje innovasjon, sirkularitet og verdiskaping. Senteret skal bruke digitale verktøy for å optimalisere produkt og prosessar, og har ei eiga utdanningsplattform for å utvikle framtidas aluminiumekspertar. Målet er å styrke Noregs posisjon internasjonalt og fremje sirkulær lågkarbonaluminium, spesielt innanfor bilindustrien, store konstruksjonar og kablar.

NTNU samarbeider med SINTEF, ti norske bedrifter, tre partnarar frå offentleg sektor og to utanlandske bedrifter.
Senteret skal ble leia av Randi Holmestad (NTNU).  

Centre for Effective Engineering and Learning in Complex Systems

SFI CELECT skal utvikle nye metodar og verktøy for produktutvikling og innovasjon, spesielt innanfor forsvar, romfart, maritim sektor og produksjon. Senteret skal mellom anna jobbe med systemdesign, og etablere metodar og verktøy for å integrere menneske, teknologi og prosessar i den noverande digitale tidsånda der kunstig intelligens fullstendig formar om industrilandskapet. Senteret skal bruke reelle testarenaer. Målet er å auke konkurranseevna, skape grøne arbeidsplassar og bidra til økonomisk vekst i Noreg.

Universitetet i Sørøst-Norge skal samarbeide med NTNU, Universitetet i Agder, Forsvarets forskningsinstitutt, 14 norske bedrifter, fem kommunar/ fylkeskommunar og andre partnarar frå offentleg sektor og tre utanlandske forskingsinstitusjonar.
Senteret skal bli leia av Kristin Falk (Universitetet i Sørøst-Norge).

Center for Intelligent Computers and Electronics

Senter for intelligente datamaskiner og elektronikk (SFI ICE) skal jobbe for å gjere kunstig intelligens (KI) meir effektiv ved å flytte KI-applikasjonar frå skya til kanten (Edge AI), altså nærare der dataa blir samla inn. Dette gir lågare energiforbruk og raskare behandling, men krev teknologiske nyvinningar fordi edge-maskinvare har avgrensa kapasitet. SFI ICE skal optimalisere både maskinvare og programvare for Edge AI, og kople forsking til praktiske løysingar for industri og samfunn.

NTNU skal samarbeide med mellom annna Universitetet i Oslo, ni norske og tre utanlandske bedrifter. Senteret skal bli leia av Magnus Jahre (NTNU)

Centre for Personalized Digital Health Promotion

Senteret skal utvikle, setje i verk og evaluere innovative digitale løysingar for personleg helsefremjing, med mål om å redusere livsstilssjukdomar og helseulikskapar i Noreg. Løysingane skal vere lett tilgjengelege og økonomisk berekraftige for industri- og offentleg sektor og gi innbyggjarar tilgang til verktøy som gir personlege risikoprofilar og tilrådingar via Helsenorge.no. Senteret skal mellom anna nytte kunstig intelligens og storskala digitale studiar for å støtte innovasjon og berekraft.

Universitetssykehuset Nord-Norge skal samarbeide med SINTEF AS, Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet, NTNU, Nord universitet, Universitetet i Agder, syv norske bedrifter og fire partnarar frå offentleg sektor. Senteret skal bli leia av Paolo Zanaboni (Universitetssykehuset Nord-Norge).

ICoN: Innovation Center for Neuroresilience

Senteret skal utvikle nye løysingar for tidleg oppdaging, førebygging og behandling av nevrodegenerative sjukdommar som Parkinsons sjukdom. Senteret vil fokusere på å utvikle biomarkørar og teste nye behandlingsmetodar, blant dei validering av nevrovernande bioaktive stoff frå marine og meieribaserte ressursar. Målet er å gjere Noreg leiande innan innovasjon for hjernehelse og bidra til betre førebygging og behandling av slike sjukdommar.

Universitetet i Bergen skal samarbeide med Helse Bergen HF, SINTEF AS, Folkehelseinstituttet, 18 norske og to utanlandske bedrifter.
senteret skal bli leia av Charalampos Tzoulis (Universitetet i Bergen)

Om SFI-ordninga

Målet med SFI-ordninga er å fremje innovasjon ved å støtte langsiktig forsking gjennom eit nært samarbeid mellom FoU-intensive verksemder og framståande forskingsinstitusjonar. SFI skal styrkje innovasjonsevna i norsk næringsliv gjennom forsking som svarer på langsiktige behov, utfordringar og framtidige verdiskapingsmoglegheiter. Forskinga skal gå føre seg i eit forpliktande og langsiktig samarbeid mellom forskingsorganisasjonar og bedrifter, gjerne òg i samarbeid med offentleg sektor. Forskinga skal vere på høgt internasjonalt nivå og gje grunnlag for innovasjonar og auka verdiskaping i norsk næringsliv.