800 millionar kroner til betre bemanning i barnehagane
Pressemelding | Dato: 05.03.2026 | Kunnskapsdepartementet
I dag kan barnehagar over heile landet søke om øyremerkte midlar til fleire tilsette. Målet er å styrke bemanninga, redusere arbeidsbelastinga og bidra til at alle barn får eit trygt og godt pedagogisk tilbod – kvar dag.
I budsjettforliket for 2026 med SV, Raudt, Sp og MDG blei det semje om å utvide ordninga med toppa bemanning med 600 millionar kroner. Dermed blir det sett av totalt 800 millionar kroner til ordninga i 2026. Midlane er øyremerkte for å styrke eller avlaste grunnbemanninga i barnehagane.
– For regjeringa er det veldigviktig å sikre god bemanning i barnehagane våre. Når det er nok tilsette på jobb, får dei tilsette meir tid til kjerneoppgåvene sine, og barna får den oppfølginga dei skal ha, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
Mange kommunar og private barnehageeigarar opplever bemanningsutfordringar. Regjeringa har over tid prioritert tiltak for å betre situasjonen. Totalt blir det brukt over 1,8 milliardar kroner på ekstra bemanning i norske barnehagar i 2026. Dette er resultatet av budsjettforliket mellom regjeringa og SV, Raudt, Sp og MDG.
Slik blir midlane fordelte
Midlane til toppa bemanning blir fordelte etter ein sats per barnehagebarn i kommunane. Kommunane treng berre å takke ja til tilskotet. Før dei kan ta i bruk midlane må dei ha oppfylt bemanningsnorma. Pengane kan ikkje bli brukte til å finansiere eksisterande årsverk, og ekstra årsverk som følge av ordninga kan ikkje inngå i barnehagen si oppfylling av den lovfesta bemanningsnorma eller pedagognorma. Ordninga skal sikre ei reell styrking av bemanninga – utover dagens lovkrav.
Kommunen kan velje å fordele midlane:
- til alle barnehagar i kommunen utan behovsprøving
- til alle eller eit utval barnehagar basert på lokale prioriteringar
- ved å prøve ut ei ordning på tvers av fleire barnehagar der private og kommunale barnehagar er representerte etter storleik
Døme på kor mykje nokre utvalde kommunar kan få:
- Oslo: 104,6 millionar kroner
- Bergen: 43,8 millionar kroner
- Trondheim: 30,6 millionar kroner
- Stavanger: 22,4 millionar kroner
- Tromsø: 11,2 millionar kroner
Skal avlaste dei tilsette
Midlane kan bli brukte til å tilsette fleire medarbeidarar, til dømes assistentar, fagarbeidarar eller barnehagelærarar. Dei kan òg bli brukte til tiltak som avlastar og styrkar bemanninga, slik som ein kjøkkenassistent.
– Mange barnehagar har ikkje lenger eigne tilsette som til dømes lagar mat. Det betyr at det fell meir på dei tilsette som har hendene fulle med å passe på ungane. Med desse midlane kan dei tilsette få meir tid til barna, seier Nordtun.
Lokalt ansvar for god bemanning
Kunnskapsministeren understrekar at dei 800 millionane kronene til toppa bemanning ikkje åleine løyser bemanningsutfordringane.
– Lokale politikarar må òg prioritere bemanning i budsjetta sine. Som barnehageeigarar har kommunane ansvar for å sikre at det er nok tilsette til stades i barnehagen for å gi eit godt tilbod. Dei må sørge for at bemanninga er tilstrekkeleg og i tråd med barnehagelova. Alle barn skal møte ein trygg og godt bemanna barnehage – kvar einaste dag, seier Nordtun.
Regjeringa sine tiltak for betre bemanning og rekruttering:
- I statsbudsjettet 2025 blei 800 millionar kroner av veksten i kommunane sine frie inntekter grunngitt med behovet for å auke bemanninga i barnehage. Det er vidareført i 2026.
- 800 millionar kroner i øyremerkt tilskot til toppa bemanning i 2026.
- 216,6 millionar øyremerkte kroner til å auke pedagogtettleiken og grunnbemanninga i barnehagar i levekårsutsette område.
- Regjeringa har styrkt arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU). Frå hausten får nærare 500 assistentar tilbod om å utdanne seg til å bli barnehagelærar gjennom denne ordninga.
- Barnehagelærarar får i år betre vilkår for å ta vidareutdanning.
- Styrkt IA-bransjeprogram barnehage, som har gitt gode resultat når det gjeld å få ned sjukefråværet.