Statsbudsjettet 2015:

Opprettar eige regelråd for næringslivet

Regjeringa jobbar for å gjere kvardagen enklare for næringslivet. No foreslår regjeringa å innføre eit uavhengig regelråd som skal spare næringslivet for unødige byrder.

Regjeringa jobbar for å gjere kvardagen enklare for næringslivet. No foreslår regjeringa å innføre eit uavhengig regelråd som skal spare næringslivet for unødige byrder.

– Arbeidet med forenklingar for næringslivet er høgt prioritert av meg. Dette er eit politikkområde der det er lett å kome med fagre løfte, men der resultata opp gjennom åra har vore vekslande, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Forenkling er viktig for regjeringa. Eit nytt, uavhengig regelråd for næringslivet skal medverke til at næringslivet ikkje blir påført unødige byrder gjennom nytt eller endra regelverk.

– Vi har sett at konsekvensane for næringslivet ofte ikkje er godt nok klarlagt når det kjem nytt regelverk. Eit uavhengig regelråd vil sikre at det er betre samsvar mellom teori og praksis, seier Mæland.

Regjeringa har allereie gjennomført 22 tiltak som gjeld forenkling. Mellom anna er det innført elektronisk skattekort, kravet til originale vedlegg til reiserekningar er fjerna og det er innført ny einingsprofil i Altinn. I tillegg er 27 tiltak under gjennomføring. Målet er at dei årlege kostnadane til næringslivet med å innfri lovpålagde krav skal reduserast med 15 milliardar kroner innan utgangen av 2017, jamført med kostnadsnivået i 2011. Det er ein reduksjon på 25 prosent.

Les heile forslaget til budsjettet for Nærings- og fiskeridepartementet her.

Regelrådet skal granske utforminga av nytt regelverk. Rådet skal ta stilling til om konsekvensane for næringslivet er tilstrekkeleg utgreidd etter dei krava som utgreiingsinstruksen set. Vidare skal regelrådet vurdere om nytt regelverk er utforma slik at ein når måla til ein relativt låg kostnad for næringslivet.

Regelrådet skal komme med rådgjevande, offentlege vurderingar. Det skal etter kvart betre kvaliteten på konsekvensutgreiingane, og dermed sikre at ein ikkje vedtek unødig tyngande plikter for privat næringsliv. Ei utgreiing om etablering og drift av eit regelråd sendast no på høyring.

– Når det gjeld innrettinga på regelrådet og mandatet, må vi sjå kva som kjem fram i høyringsrunden. Til dei som meiner eit regelråd berre er meir byråkrati, vil eg seie: Kvalitetssikring og kontroll kjem ikkje av seg sjølv. Å hindre unødig tyngande regelverk vil ha stor verdi for konkurransekrafta til næringslivet. Erfaringane frå andre land som har liknande regelråd, er positive, seier Mæland.

I det vidare arbeidet vil regjeringa:

  • Utvikle eit enklare regelverk for små- og mellomstore verksemder.
  • Vidareutvikle Altinn og ha som prinsipp at same informasjon berre skal rapporterast ein gong til det offentlege.
  • Gjere fleire offentlege tenester tilgjengelege på nett.
  • Forenkle regelverket for offentlege innkjøp.
  • Innføre eit regelråd for næringslivet.

 

Les meir: Styrkar kunnskap og innovasjon for næringslivet