Viser bilde av Abelprisvinner Gerd Faltings
Gerd Faltings får Abelprisen 2026. Foto: Peter Badge/Typos1/Abelprisen

Abelprisen vart etablert av Stortinget i 2002 og heidrar framifrå matematisk arbeid. Prisen er på 7,5 millionar norske kroner. Prisen skal òg bidra til å heve statusen til matematikkfaget i samfunnet og stimulere barn og unge til å bli interesserte i matematikk.

– Mine hjartelegaste gratulasjonar til Gerd Faltings. Han er ein framifrå matematikar som har løyst historiske matematiske gåter som lenge stod uløyste. Arbeidet hans og den djupe matematiske innsikta han har vist, har gitt retning til vidare matematisk tenking. Eg gler meg til å ønske han velkomen til Noreg for å motta Abelprisen i mai, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

Det er Det Norske Videnskaps-Akademi som deler ut Abelprisen. Dei har sett ned ein Abelpriskomité med fem internasjonalt anerkjende matematikarar. Komiteen vurderer nominerte kandidatar og tilrår ein verdig vinnar av Abelprisen til styret i Akademiet. Leiar for Abelpriskomiteen er professor Helge Holden ved NTNU.

Prisen vert delt ut 26. mai av H.K.H. Kronprins Haakon i Universitetets Aula i Oslo.