Gruppebilde
På bildet: ordfører i Ål Solveig Vestenfor, kultursjef i Ål Hilde Bjørnsvik, språkrådsdirektør Åse Wetås, seksjonssjef i Språkrådet og juryleiar Margrethe Kvarenes, rådmann i Ål Karsten Popp Dideriksen, oppvekstsjef i Ål Vegar Hoel, statssekretær i Kunnskapsdepartementet Oddmund Hoel, biblioteksjef i Ål Anne Kaslegard. Foto: John Erik Bøe Lindgren.

Ål kommune ligg i Hallingdal i Viken fylke. I Viken har tre av i alt 51 kommunar nynorsk målvedtak. To av dei ligg i Hallingdal. Ål kommune ligg i eit område der nynorsk ikkje er eit sjølvsagt språkval. Difor er det ekstra viktig at kommunen legg til rette for at innbyggjarane skal få møte og bruke nynorsk, meiner juryen.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Oddmund Løkensgard Hoel, delte ut prisen på vegner av kulturministeren på eit arrangement på Litteraturhuset i Oslo 22. november. Prisen er på 100 000 kroner.

Les meir på nettsida til Språkrådet