Aldri før har så mange ukrainarar vore i arbeid
Pressemelding | Dato: 27.08.2025 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Over 19 000 ukrainarar som har kome til Noreg etter krigsutbrotet er i jobb.
Tal frå SSB viser at 41 prosent av ukrainarane i alderen 20-66 år, og som har kome til Noreg etter Russland sin fullskalainvasjon, var i jobb i juli.
– Nøkkelen til god integrering er å få folk ut i arbeid. Ved å gi ukrainarar eit skikkeleg tilbod om introduksjonsprogram og norskopplæring ser vi at fleire kjem i arbeid og at utviklinga går rette vegen, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.
Sysselsettingsandelen har auka mykje det siste året. På same tid i fjor, var 27 prosent av dei ukrainske fordrivne i jobb. Nesten 8 000 fleire har kome i jobb sidan den tid.
– Det er positivt å sjå kor mange som har kome i jobb det siste året. I starten av 2024 skjerpa vi introduksjonsprogrammet med krav om minimum 15 timars arbeidsretting etter tredje månad. Vidare har regjeringa i år løyva 770 millionar kroner meir enn i fjor til aktive tiltak som skal få fleire i jobb. Utviklinga i sysselsettinga tyder på at vi har lukkast bra med desse grepa, seier Brenna.
Norske kommunar har organisert introduksjonsprogram for eit rekordhøgt tal deltakarar dei siste åra. Så langt har over 26 000 fordrivne fullført programmet, medan rundt 12 000 framleis deltek. Om lag halvparten går direkte ut i arbeid eller vidare utdanning etter fullført introduksjonsprogram.
– Norske kommunar har gjort ein kjempejobb med å tilby introduksjonsprogram som kvalifiserer ukrainske fordrivne for arbeid. I tillegg vil eg skryte av arbeidsgivarar som tør å satse på personar som kanskje ikkje er så gode i norsk til å byrje med, men som likevel har mykje å bidra med. Vi vil at folk skal jobbe og klare seg sjølve i den tida dei er i Noreg. Det er til det beste for kvar enkelt og for samfunnet, seier Brenna.