Andfjorden blir Noregs største marine verneområde
Nyheit | Dato: 18.09.2026 | Klima- og miljødepartementet
Regjeringa har i dag oppretta Andfjorden marine verneområde i kommunane Andøy, Harstad og Senja. Med om lag 1848,5 km² svarer verneområdet til nesten 260 000 fotballbaner.
– Andfjorden har ein rik og variert natur, både over og under overflata. Han bidreg både til matforsyninga vår og til unike naturopplevingar. Vernet skal sikre at kommande generasjonar òg får glede av dei verdiane naturen i Andfjorden gir oss, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
Store naturverdiar og variert bruk
Verneområdet dekkjer areal heilt nord i Nordland og heilt sør i Troms. Her er det variert undersjøisk naturmangfald med mellom anna korallrev, korallskogar, svampskogar og sjøfjørsamfunn. Tareskogar, skjelsandbotn og ruglbotn er viktige gyte-, oppvekst- og beiteområde for mange fiskeslag. Området har eit rikt fiskeliv og store mengder kval og sjøfugl.
Vernet legg ei felles ramme for korleis aktivitetar som fiskeri, romfart og forsvarsverksemd kan utøvast, samstundes som det tek ekstra godt vare på naturen. Innanfor verneområdet er det fleire soner der særleg verdifullt og sårbart naturmangfald er spesielt beskytta. I desse sonene er restriksjonane på aktivitet strengare enn i resten av verneområdet.
– Dette er eit døme på at vi kan ta godt vare på naturen samtidig som vi legg til rette for fiskeri, romfart og reiseliv. Eg vil rose kommunane, lokalsamfunna og alle dei som nyttar seg av området for eit godt samarbeid for å få på plass dette verneområdet. Eg er trygg på at alle vil bidra til at det nye verneområdet blir teke godt vare på, seier Sigrun Aasland.
Eit verneområdestyre skal forvalte verneområdet
Verneområdet skal forvaltast av eit eige verneområdestyre som vil bestå av representantar frå kommunane, fylkeskommunane og Sametinget.
– Vernet er òg ein milepåle i arbeidet med vern av sjøområde, og eit viktig bidrag til gjennomføringa av dei internasjonale måla i naturavtalen, seier klima- og miljøministeren.
Andfjorden er eitt av 36 område som inngår i marin verneplan frå 2004. Etter dagens vedtak er 24 av desse områda verna. Samstundes aukar delen verna areal i territorialfarvatnet ved fastlands-Noreg frå om lag 4,8 til 6 prosent.
Vernet av Andfjorden blir markert på Andøya
For å feire vernet blir det skipa til ei markering på Andøya tysdag 6. oktober, der mellom anna klima- og miljøministeren vil delta.