Ane Kvaal blir politimeister i Vest politidistrikt dei neste seks åra
Nyheit | Dato: 13.03.2026 | Justis- og beredskapsdepartementet
Visepolitimeister Ane Kvaal (59) blei i statsråd i dag utnemnd til politimeister i Vest politidistrikt. Ho har vore konstituert i same stilling sidan mars i fjor. Åremålet har ei varigheit på seks år.
Sidan 1998 har Kvaal hatt fleire stillingar i politietaten: Frå 2021 har ho vore visepolitimeister i Vest politidistrikt, og frå 2019 til 2021 seksjonsleiar i Politidirektoratet. Ho hadde frå februar til desember 2023 ei prosjektleiarstilling i Politidirektoratet.Kvaal har òg vore dommarfullmektig ved Fjordane tingrett (i 2009), medan ho i 2005, og ved seinare høve, har vore valobservatør i fleire land.
Kvaal er cand.jur. frå Universitetet i Oslo (1994). Ho gjennomførte toppleiarprogrammet ved Politidirektoratet / Politihøgskolen i 2013, og har òg 60 studiepoeng i ein master i militære studier frå Forsvarets høgskole i 2019.