Anslår kommunesektoren sine koronautgifter til 14 milliardar kroner

Ei arbeidsgruppe beståande av medlemmar frå KS og staten anslår at virusutbrotet har kosta kommunesektoren om lag 14 milliardar kroner i 2020.

− Det er ikkje tvil om at koronapandemien har fått store økonomiske konsekvensar for kommunesektoren. Rapporten vi har fått i dag gir eit godt bilde på korleis sektoren samla er råka av koronakrisa, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister.

− Kommunane har gjort ein imponerande innsats i denne perioden. Store variasjonar mellom kommunane syner at det blir eit viktig tema vidare for kommunana korleis kompensasjonen vert delt ut, seier styreleder i KS, Bjørn Arild Gram.

Regjeringa sette ned ei arbeidsgruppe med medlemmar frå kommunesektoren og staten etter at virusutbrotet råka Noreg i vår for få eit best mogleg grunnlag for å vurdere dei økonomiske konsekvensane pandemien har fått for kommunane.

− Arbeidsgruppa har gjort eit grundig arbeid og er samde om det samla kostnadsbildet. Eg er glad for det gode samarbeidet med sektoren, seier Astrup.

− Vi er nøgde med det konstruktive arbeidet i utvalet for å få fram eit best mogeleg faktagrunnlag. Så treng vi eit breiare kunnskapsgrunnlag i det vidare arbeidet, seier Gram.

Høgare utgifter til smittevern og vikarar

Arbeidsgruppa anslår at kommunane i 2020 vil få utgifter og tapte inntekter på til saman ti milliardar kroner. Mellom anna mista kommunane inntekter i form av brukerbetaling då skulene og barnehagane stengde. Tapet for fylkeskommunane er anslått til om lag fire  milliardar kroner. Storparten av dette skyldast lågare billettinntekter for kollektivtransporten.

I tillegg er det venta at sektoren får mindre skatteinntekter enn forutsett i starten av året. På den andre sida er pris- og lønsveksten lågare enn anslått, og sektoren fekk redusert arbeidsgjevaravgift i tredje termin.

Store skilnader mellom kommunane

Regjeringa har stilt opp for kommunane gjennom fleire tiltakspakkar. Så langt har kommunesektoren fått over 20 milliardar kroner, men det er framleis store skilnader mellom kommunane.

− Rapporten eg har fått i dag syner at det så langt er godt samsvar mellom kostnadane kommunane har hatt samla under virusutbrotet og kompensasjonen frå regjeringa. Samstundes veit vi at fleire enkeltkommunar slit meir enn andre. Framover må vi målrette pengane mot kommunane med dei største utfordringane. Fylkesmennene skal før jul betale ut om lag 900 millionar kroner til kommunar som har hatt særskilt store ekstrautgifter knytta til koronatiltak. Er ikkje dette nok, kjem det meir pengar, seier Astrup.

- Variasjonen mellom kommunane er stor, og treffsikkerheten er usikker. Det gjer at mange kommunar nok ikkje vil kjenne seg igjen i dette makro-bildet. Det er krevjande å sikre ein kompensasjon som treffer alle presist. Mange har opplevd å få mindre i kompensasjon enn det dei har hatt i kostnadsaukeog inntektsbortfall. Vi er fortsatt avhengige av tett dialog for å handtere utviklinga vidare, seier Gram.

For å identifisere kommunar som har hatt spesielt store kostnadar under virusutbrotet, har statsråden bedt fylkesmennene kartleggje situasjonen i kommunane i sine fylke. Dersom kartlegginga syner at kommunane ikkje har fått nok pengar så langt i år, vil regjeringa foreslå å auke skjønsmidla i nysalderinga av budsjettet for inneverande år.

Kjem til å foreslå meir penger for neste år

Arbeidsgruppas anslag gir eit godt bilde på dei økonomiske utslaga virusutbrotet har fått for kommunane, men det er ingen endeleg fasit. Regjeringa vil difor fortsette den tette dialogen med sektoren, og følger situasjonen i kommunane nøye.

− Vi veit ikkje korleis smittesituasjonen vil utvikle seg og kva for kommunar som blir hardast råka i tida framover. For å gjere kommunane trygge på at staten skal stille opp også framover, vil regjeringa kome med eit tilleggsnummer til 2021-budsjettet, der vi vil foreslå meir penger for første halvår i 2021, seier Astrup.

Tilleggsnummeret vil ta utgangspunkt i arbeidsgruppa sine kostnadsanslag, men regjeringa vil vurdere tilleggsbevilgningar til aktivitetar der behovet kan være høgare framover enn forbruket var då rapporten vart laga.

Arbeidsgruppa vil halde fram med kartleggingsarbeidet fram til august 2021.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00