– Arbeidarparti-regjeringa ønsker å legge til rette for fleire og betre moglegheiter til å skape, vise og oppleve dans i heile landet, og derfor styrker vi igjen satsinga på dans i 2027, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).

Dansefeltet er prega av mange frilansarar og små miljø, som held høgt internasjonalt nivå. Gode produksjonsmiljø, nettverk, og tilrettelegging for turnéverksemd, er avgjerande for at kunstnarar skal kunne arbeide og utvikle seg, uavhengig av kvar dei held til i landet.

– Norsk dansekunst held eit høgt nivå og haustar anerkjenning både i Noreg og internasjonalt. Arbeidarparti-regjeringa vil styrke den eksisterande infrastrukturen for å sikre tilgang til prøve-, produksjons- og visningslokale over heile landet, seier Jaffery.

Styrkinga kjem fleire aktørar til gode, der mellom anna seks millionar kroner går til Kilden teater og konserthus i Kristiansand til oppretting av nytt dansekompani for heile Sørlandet. Dansens Hus får også ein auke for å tilby produsenttenester til samproduksjonar og turneverksemd. I tillegg får fire regionale dansesenter auka pott.

Slik blir auken på 10 millionar kroner for 2027 fordelt:

Kilden teater og konserthus 6 millionar kroner
Dansens Hus 1,8 millionar kroner
Dansekunst i Østfold 700 000 kroner
Fjelldansen   685 000 kroner
Bærum kulturhus – Dans Sørøst-Norge 400 000 kroner
Dansekraft (Kristiansund)  400 000 kroner