Frukostseminar om arbeidslinja

Høg sysselsetjing er ein føresetnad for å føre vidare gode velferdsordningar. Vi har stort behov for arbeidskraft og fleire må delta i eit inkluderande arbeidsliv for å få til det. Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen inviterer til frukostseminar for å diskutere rolla arbeidslinja og ein aktiv arbeidsmarknadspolitikk har for å styrke tilgangen til arbeidskraft.

Nett-tv Frukostseminar om arbeidslinja

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Med seg på seminaret for å klargjere desse spørsmåla har ho forskar Simen Markussen ved Frischsenteret og professor Ann-Helén Bay frå Oslomet.

Stad: Kulturhuset, Youngs gate 6, Oslo
Dato: 20. juni
Tid: 07.45 – 08.45
Påmelding: servicesenteret@aid.dep.no

Program:

07.45: Kaffi/te og lett frukost
08.00: Velkommen med Marte Mjøs Persen
08.05: Arbeidslinja, dei lange linjene – Ann-Helén Bay
08.15: Ei ny arbeidslinje – Simen Markussen
08.25: Ei arbeidslinje for framtida - Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen
08.35: Paneldiskusjon - Marte Mjøs Persen, Ann-Helén Bay og Simen Markussen

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.