Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett

Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet får 15 millionar kroner for å slå ned på ulovleg innleige

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Regjeringa foreslår å styrkje Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet med til saman 15 millionar kroner i 2020, slik at etatane kan førebu innsatsen knytt til handheving av reglane om innleige.

– Vi styrkjer kampen mot useriøsitet og arbeidslivskriminalitet, og har difor foreslått å gi Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet nye verktøy for å slå ned på bruk av ulovleg innleige. No følgjer vi opp med dei midla dei treng for å føre tilsyn med innleigereglane og kome med nødvendige pålegg og reaksjonar der det er relevant, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.

Auka bruk av innleige

Det har over lengre tid vore aukande bruk av innleigd arbeidskraft, mellom anna i byggnæringa. Kartleggingar tyder på at det i ein del tilfelle skjer brot på regelverket. Brot på innleigereglane og manglande handheving kan få negative konsekvensar for rettane og arbeidsmiljøtilhøva for arbeidstakarar. Det kan også få konkurransevridande konsekvensar for seriøse verksemder som følgjer reglane.

Likebehandling av utleigde

Regjeringa foreslår difor at Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet kan føre tilsyn med at vilkåra for innleige er til stades, og at kravet til likebehandling av utleigde arbeidstakarar blir følgd opp. Tilsyna kan gi pålegg og reaksjonar når dei finn ulovleg bruk av innleige. Arbeidstilsynet skal i tråd med forslaget kunne gi pålegg til verksemder om å stoppe ulovleg innleige. Dette kjem i tillegg til at det er mogleg for den enkelte arbiedstakar sjølv å følgje opp saken og reise krav om å få fast tilsetting.

Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet får midlar til å førebu denne innsatsen, med 14 millionar kroner til Arbeidstilsynet, og 1 millionar kroner til Petroleumstilsynet, i 2020.