– Mari Boine har ein lang og rik musikkarriere. Ho har over fleire tiår vore ei viktig stemme og forbilde for særleg den samiske befolkninga og for urfolk generelt. Det er ei glede at vi no kan løfte fram ein av våre største kunstnarar med å gi ho æresløn, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).

Statens æresløn blir berre gitt til ein kunstnar om gongen. Ordninga vart oppretta i 1963 og er på 200 000 kroner i året. Beløpet er skattefritt og varar livet ut.

Forfattaren Johan Falkberget var den første som fekk æresløn frå 1963 til 1967. Deretter fekk skodespelar Per Aabel i perioden 1973–1999, skodespelar Wenche Foss 2002–2011 og forfattar Dag Solstad i 2011–2025.