– For Arbeidarparti-regjeringa er det viktig å gi alle barn og unge mogelegheit til å delta i fellesskapa i idretten. Årets spelemidlar går til å styrke idretten og idrettsanlegga. Det gir idretten betre føresetnader for å skape varig aktivitet og inkludere flest mogleg, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Litt over to milliardar kroner går no til bygging, oppussing og modernisering av anlegg over heile landet. Det gjer at ventetida for å få midlar er på veg ned mot eit halvt år. Då regjeringa tok over i 2021, var ventetida på nesten tre år.

Søknadsbeløpet for nye søknader har gått opp med rundt 420 millionar sidan i fjor. Det viser at fleire ønskjer å satse på nye anlegg.

– Idrettsanlegga er motoren i den lokale idretten. Når vi investerer i anlegg, investerer vi i idrettsglede, meistring, fellesskap og levande lokalsamfunn. Desse midlane vil bety mykje for utviklinga av idretten og tilbodet lokalt, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

150 millionar kroner går til at fleire skal få vere med i idrettslag. Sidan 2023 har regjeringa fordelt 855 millionar kroner til dette. I fjor blei denne ekstraordinære innsatsen gjort permanent. Lokale lag og foreiningar får 535 millionar.  I tillegg har Noregs idrettsforbund og olympiske og paraolympiske komité fått tildelt 965 millionar kroner.

– For Arbeidarparti-regjeringa er det viktig at alle barn og unge skal ha moglegheit til å delta i idretten, uansett kvar ein kjem frå eller kor stor lommeboka til foreldra er. Derfor held vi fram med å prioritere inkluderingsarbeidet, seier Jaffery.

Heile fordelinga av spelemidlane til idrettsformål:

Tiltak – idrettsformål

Fordeling 2026

(kroner)

Idrettsanlegg

2 094 982 000

Idrettsanlegg i kommunene *)

2 016 482 000

Løypetiltak i fjellet og overnattingshytter

37 000 000

Utstyr

41 500 000

Nasjonalanlegg/spesielle anlegg

141 003 000

Nasjonalanlegg

7 315 500

Spesielle anlegg

133 687 500

Forsknings- og utviklingsarbeid

42 184 000

Idrettsforskning

25 000 000

Idrettsfaglig utvikling

2 000 000

Anleggsfaglig utvikling

2 100 000

Digital utvikling

6 500 000

Utviklingsarbeid i fylkeskommunene

6 584 000

Spesielle aktiviteter

185 000 000

Antidopingarbeid mv.

67 500 000

Fysisk aktivitet og inkludering i idrettslag

39 000 000

Friluftstiltak for barn og ungdom

48 000 000

Egenorganisert fysisk aktivitet

15 500 000

Arrangementstilskudd

15 000 000

Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité

965 000 000

Tilskudd til lokale lag og foreninger

535 000 000

Særskilte tilskudd

152 500 000

Mangfold og inkludering

2 500 000

Ekstrainnsats for deltakelse i idrettslag

150 000 000

Totalt

4 115 669 000

*) I tillegg brukes 50 mill. kroner av disponible midler, slik at det fordeles 2 066 482 000 kroner fra idrettsanlegg i kommunene.