Spelemidlane frå Norsk Tipping til fordeling på kulturformål er i 2026 det nest høgaste beløpet som nokon gang er fordelt. Kulturfrivilligheit, kulturarenaer og barne- og ungdomstiltak er prioriterte oppgåver, og mange tilskot er auka.

– Gode og tilgjengelege kulturarenaer er ein føresetnad for lokal aktivitet, deltaking og frivillig engasjement over heile landet. Spelemidlane er blant dei viktigaste verkemidla for å utvikle og vidareutvikle kulturarenaene, seier Jaffery.

Satsingane knytt til leselyststrategien blir vidareført gjennom øyremerkte tildelingar til ordningar i kulturrådet, bibliotekfeltet og Den kulturelle skulesekken.

– Arbeidarparti-regjeringa har ein ambisjon om at norske barn skal bli verdas beste lesarar. Derfor held vi fram satsinga på leselyst gjennom blant anna innkjøp av bøker til biblioteka og skulebiblioteka. I vår Plan for Norge er eit leseløft, kor vi styrkar lesinga både i skulen og i samfunnet elles, ei viktig prioritering, seier Jaffery.

Ny forskrift om fordeling av spelemiddel til kulturformål

Regjeringa har nyleg fastsett ei forskrift om fordeling av speleoverskotet til kulturformål. Forskrifta byggjer på etablert praksis for fordeling, som tilseier at speleoverskotet til kulturformål skal nyttas til å støtte kulturfrivilligheita, kulturaktivitet for og med barn og unge, kulturarenaer og utstyr og andre kulturformål, hovudsakleg retta mot barn og unge. Fordelinga i 2026 er i samsvar med det.

Regjeringa har fordelt årets pott på 1 157,5 millionar kroner slik:

Tiltak – kulturformål

Fordeling 2026 (kroner)

Den kulturelle skolesekken

 390 000 000

Frifond

 220 000 000

Desentralisert ordning for kulturbygg/kulturarenaer

  89 500 000

Kulturrom

  86 000 000

Bibliotektiltak

  56 700 000

Nasjonale musikkorganisasjoner, inkl. Norsk musikkråds ordning for rekruttering og deltakelse i korps og orkester

  47 600 000

Norsk kulturfond – skolebibliotekordningen og innkjøpsordningen for barn og unge

  39 500 000

Amatørteatertiltak

  37 600 000

Tilskudd til barne- og ungdomstiltak

  32 077 000

Museumstiltak

  30 250 000

Ungdom og Fritid

  27 000 000

Instrumentfondet

  21 000 000

UKM – Ung Kultur Møtes

  16 000 000

Tilskuddsordninger for kor

  14 200 000

Inkludering i kulturliv

  13 000 000

Folkeakademienes Landsforbund

     9 900 000

Krafttak for sang

     7 800 000

Norges Musikkorps Forbund – Ungdomsløftet

     6 000 000

Kulturstøtta

     4 280 000

Ordninger for kordirigenter

      3 680 000

Talent Norge – scenekunsttiltak

      3 000 000

Norske kirkeakademier

      2 445 000