Historisk arkiv

Ingve B. Berntsen er Årets unge bonde 2016

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Ingve B. Berntsen, 30 år frå Hå kommune på Jæren er kåra til Årets unge bonde 2016. Kåringa fann stad under Ung Bonde-samlinga i Oslo laurdag 12. november. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale gratulerer.

– Det er heilt avgjerande at vi har unge bønder som vil satse på landbruket, som utnyttar ressursane på garden og som leverer produkt av høg kvalitet. Årets unge bonde er ein verdig vinnar, seier Dale.

Årets unge bonde er heltidsbonde og har dreve gard sia han var 17 år. Drifta er basert på produksjon av kvalitetskjøt frå den utryddingstrua rasen Vestlandsk Fjordfe. Ingve Berntsen er oppteken av dyrevelferd og har nyleg bygd eit nytt fjøs, med mykje lys og plass. Her tek han sikte på å utvide drifta. Berntsen er utdanna agronom, i tillegg til ein bachelorgrad i nyskaping og samfunnsutvikling. 

Ingve B. Berntsen, 30 år frå Hå på Jæren er Årets unge bonde saman med landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Ingve B. Berntsen, 30 år frå Hå på Jæren er Årets unge bonde 2016. Her saman med landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Juryen si grunngjeving

– Vinnaren av Årets unge bonde viser pågangsmot og gründerskap. Vinnaren har eit klart engasjement for lokalmat og korleis ein skal nytte ressursane på ein god måte. Han er ein person som er oppteken av nyskaping og samfunnsutvikling, og legg ned mykje eigeninnsats på garden. Han er ein særs god representant for næringa, ein modig person og eit inspirerande førebilete. 

Juryen for Årets Unge Bonde blei i år leia av landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Dei andre medlemane er leiar i Norges Bygdeungdomslag (NBU) Tora Voll Dombu, styreleiar i Felleskjøpet Agri, Anne Jødahl Skuterud, administrereande direktør i McDonald’s Norge AS Lauren Cody Källén, rektor hjå Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling Dag Jørund Lønning og programleiar Arne Hjeltnes.

Mange verdige kandidatar

Årets unge bonde vert i år kåra for sjuande gong. Det har vore ei svært god og positiv oppslutting om kampanjen. Om lag 400 unge bønder under 35 år blei nominerte til Årets unge bonde 2016. Blant disse kom 19 nominerte vidare til semifinalen. Fem unge finalistar vart stemt fram via NBU og Facebook.

– Alle finalistane er gode førebilete som kan inspirere fleire til å satse på ei karriere i landbruket, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Grøn utdanning

Kåringa av Årets unge bonde er eit samarbeid mellom Norges Bygdeungdomslag, McDonald’s Norge AS og Felleskjøpet Agri, og er ein del av prosjektet Grønn utdanning, som skal bidra til å rekruttere fleire unge til landbruksutdanning. Landbruks- og matdepartementet støttar prosjektet Grøn utdanning.