Historisk arkiv

Auka bekymring for einsemd blant unge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Utfordringar med einsemd og isolasjon har vore aukande under pandemien, viser ein ny rapport. Rapporten understrekar kor viktig det er å prioritere barn og unge når styresmaktene set i verk smittevernstiltak.

I starten av pandemien sette regjeringa ned ei koordineringsgruppe for sårbare barn og unge som jamnleg rapporterer til Barne- og familieministeren.

I deira 11. statusrapport gjer dei uttrykk for auka bekymring for einsemd blant unge, spesielt dei unge som bur i område med høgt smittetrykk.

- Eg delar bekymringa for einsame unge. Vi veit at redusert sosial kontakt og einsemd er risikofaktorar som kan føre til auka psykisk uhelse. Det er ei av årsakane til at vi no har letta opp på dei nasjonale smittevernstiltaka for barn og unge. Gjennom skule og fritidsaktivitetar er det enklare å fange opp barn og unge som slit og gi dei den hjelpa dei treng, seier barne- og familieminister Ropstad.

Under koronapandemien har regjeringa auka løyvingane til sårbare barn og unge.

- Regjeringa har fleire satsingar knytt til barn som veks opp i familiar med låginntekt, til psykisk helse og satsingar knytt til å førebyggje vald og overgrep mot barn i statsbudsjettet for 2021. Regjeringa har òg slått fast at vi vil kompensere for auka utgifter og tapte inntekter kommunene har i samband med koronapandemien, seier Ropstad.

Status for hjelpetenestene

Hjelpetenester til sårbare barn og unge er i stabil drift, men barnevernet melder om at det no er færre fysiske møter med barn. Samstundes melder fleire barnevernstenester og at dei mottek fleire bekymringsmeldingar enn for eit år sidan.

- Ei årsak til auken kan vere at tenester og lokalmiljø fangar opp dei negative effektane pandemien har hatt på sårbare familiar. Det er bra at folk melder i frå om dei er bekymra. Det er med på å bidra til at barn i ein vanskeleg situasjon får den hjelpa dei treng, seier Ropstad.

Når det gjeld psykisk helsevern for barn og unge er det tilnærma normal drift og stor grad av fysiske møter. Det har vore ein auke i henvisingar til BUP truleg på grunn av manglande kapasitet i kommunale helsetenester. Heile helsetenesta er prega av høgt arbeidspress, men Helsedirektoratet vurderer kvaliteten på helsetenestene som god.

Tilsette i helsestasjons- og skulehelse­tene­sta gjer det dei kan for å oppretthalde normal drift i tråd med nasjonale retningslinjer for tenesta, samstundes som noko personell blir omdisponert til andre oppgåver. Det medfører at ein mindre del av tenestene har redusert drift og spesielt gjeld det skule­helsetenesta. Samstundes viser dei nyaste tala frå Helsedirektoratetat at helsestasjonar og skulehelsetenester er i normal drift i dei fleste kommunane.

Jobbar for å redusere tapt opplæring

Utdanningsdirektoratet peiker på at det er grunn til å anta at mange elevar har eit dårlegare utbytte av opplæringa som følgje av smittevernstiltaka som gir avgrensingar i skulekvardagen. Fleire barn og unge med behov for tilrettelegging har ikkje fullt ut fått det dei har behov for og krav på.

Elevar som har vedtak om spesialundervisning eller sårbare barn og unge som treng eit tilbod på skulen, skal få det uavhengig av om skulane er på raudt nivå eller om dei i korte periodar må vere fysisk stengde på grunn av utbrot.

- Ein kan aldri vere nøgd når fleire tusen barn ikkje har fått timane dei har krav på. For dei kan det bety mykje å miste undervisning. Heldigvis var det langt fleire som fekk den spesialundervisninga dei trengde i haust, enn det som var tilfelle i vår. Vi har innført strengare tiltak i resten av samfunnet for å kunne halde skulane opne, og det vil vi halde fram med. Vi har  framleis ein jobb å gjere for at pandemien skal få minst mogleg konsekvensar for barn og unge,  seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Regjeringa har sett av til saman 330 millionar kroner i 2020 og 2021 for å følgje opp elevar med tapt progresjon.

Koordineringsgruppa sine tilrådingar

Med utgangspunkt i erfaringar frå pandemien, statusrapportering og innspel frå brukar- og interesseorganisasjonar, har koordineringsgruppa seks tilrådingar:

1. Kommunar må ikkje leggje unødig strenge tiltak til grunn utover dei nasjonale føringane

I vurderingar av nasjonale smitteverntiltak bør det vere eit overordna premiss at tiltaksbyrden overfor barn og unge må vere lågast mogleg. Belastinga aukar med varigheita av tiltaka, og bekymringa for at sårbare barn ikkje blir fanga opp eller ikkje får god nok hjelp aukar tilsvarande.

2. Utsette barn og unge må oppleve fysisk tilgjengelege tenester

Til tross for nasjonale tilrådingar om bruk av heimekontor, er det for mange tenester slik at dei tilsette ikkje kan utføre alle sine naudsynte og lovpålagde oppgåver utan å møte barn og familiar fysisk. Bufdir og Avdir har lagt ut informasjon på sine heimesider om nærvær (det å vere til stades) og fysiske møter for tenester av betyding for utsette barn og unge. Informasjon er sendt til kommunane via statsforvaltarane. Statsforvaltarane må følgje opp innhaldet i dialog med kommunane. Det bør kommuniserast tydeleg av regjeringa at verksemdskritiske funksjonar i tenestene må oppretthaldast på ein forsvarleg måte, slik at utsette barn og unge møter tilgjengelege tenester.

3. Betre tilrettelegging for ungdom sine moglegheiter til fritid og sosialt liv

Ved raudt tiltaksnivå over tid, er tiltaksbyrden for ungdom svært stor. Ungdom som blir ramma, bør kunne møtast på fritida, i idretten, på fritidsklubbar og andre aktivitetar på ein måte som er smittevernsfagleg forsvarleg. Koordineringsgruppa tilrår at avgrensingane som blir lagt på ungdommer sine moglegheiter til å treffe vener på alle nivå, inkludert nivå 5, blir vurdert nærare.

4. Sårbare barn og unge må få eit særskilt tilbod

Koordineringsgruppa meiner det må vektleggast i større grad at sårbare barn og unge skal få den hjelpa dei har behov for og rett til. Ved innføring av raudt tiltaksnivå i barnehagar og skular må det kommuniserast tydeleg at sårbare barn og unge har rett på eit stadleg tilbod og tett oppfølging.

5. Kunnskapsinnhenting om konsekvensar for tilbodet til barn og unge med funksjonsnedsetjingar

Koordineringsgruppa tilrår ei større kunnskapsinnhenting av kva konsekvensar koronapandemien har hatt for tenestetilbodet til og oppfølginga av barn og unge med funksjonsnedsetjingar. Ansvarlege direktorat bør vurdere moglegheitane for meir regelmessig rapportering om situasjonen.

6. Vurdere langsiktige samfunnskonsekvensar av pandemien for barn og unge

Det kunnskapsgrunnlaget vi i dag har om kva konsekvensar pandemien sine tiltak har for barn og unge, skapar i tillegg til ein her-og-no bekymring for deira livssituasjon, ein bekymring for dei langsiktige verknadane for den enkelte (på psykisk helse og læring) og moglege samfunnsøkonomiske konsekvensar av smittevernstiltaka.