Utgiftene til foreldrepengar blir rekna til 31,4 milliardar kroner i nysalderinga for 2026. Dette er 2,2 milliardar kroner meir enn venta på byrjinga av året. Av auken kjem 1,8 milliardar kroner av fleire mottakarar av foreldrepengar. Det kjem først og fremst av at det blir fødd fleire barn.

– Det er gledeleg å sjå at talet på fødslar aukar òg i år. Arbeidarparti-regjeringa vil at folk skal kunna få dei barna dei ønsker seg. Då må folk ha tryggleik for økonomien, moglegheita for å kombinera jobb og familie, og gode velferdstenester for barnefamiliane. Saman med budsjettpartnarane har vi kutta i barnehageprisane og auka barnetrygda som viktige tiltak for barnefamiliar, seier barne- og familieminister Lene Vågslid.

Justert budsjettering for Kyrkjebevaringsfondet

I nysalderinga foreslår regjeringa å redusere løyvinga til Kyrkjebevaringsfondet med 161,2 millionar kroner. Den samla forpliktinga til staten til Kyrkjebevaringsfondet på 10 milliardar kroner held fram med å vere den same.

Kyrkjebevaringsfondet gir tilskot til bevaring av kulturhistorisk verdifulle kyrkjer over heile landet. I 2026 vart det sett av 470,2 millionar kroner til fondet. Nye anslag frå sekretariatet til fondet viser likevel at det vil bli utbetalt om lag 309 millionar kroner i løpet av året.

Når utbetalingane går ned, skal òg budsjettet justerast. Restaurerings- og bevaringsprosjekt tek ofte tid å planlegge og komma i gang med og framdrifta kan bli tregare enn planlagt. Tilskota blir utbetalte etter kvart som prosjekta blir gjennomførte og mottakarane ber om å få dekt utgiftene sine.

Alle som har fått innvilga tilskot, vil få utbetalt heile beløpet dei har fått tilsegn om. Viss eit prosjekt blir forsinka, blir utbetalinga utsett og følgjer framdrifta i prosjektet.

Auka løyving til barnevernet

Regjeringa foreslår òg å auka løyvinga til kjøp av private barnevernstiltak med 351 millionar kroner i nysalderinga for 2026. Dette kjem i hovudsak av at det er fleire barn med behov for plass i ein barnevernsinstitusjon. Det er òg auka utgifter til private fosterheimar, i hovudsak på grunn av fleire barn med behov for plass i beredskapsheim.