Auka mjølkekvotar for 2024

Landbruks- og matdepartementet har i dag fastsett forholdstalet for disponibel kvote for kumjølk til 1,04 for 2024. Dette er ei auke på 2 prosentpoeng.

Det er positivt at etterspørselen etter mjølk aukar, og at kumjølkprodusentane får moglegheit til å auke produksjonen ytterlegare. Det gjer rom for auka lønsemd i næringa, og er eit viktig signal til mjølkeprodusentane, seier Landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Landbruks- og matdepartementet, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag gjennomførde i dag ekstraordinære kvotedrøftingar for 2024.

I møte gjorde Tine greie for bakgrunnen for å be om auka forholdstal allereie no. Tine har hatt dialog med dei uavhengige aktørane i mjølkemarknaden. Samla sett er behovet for mjølk i 2024 om lag 25 mill. liter høgare no enn da forholdstalet blei fastsett i november. Tine la òg vekt på at reguleringslagra av ost og pulver er låge, men at mjølkeinngangen så langt i 2024 ligg over tilsvarande periode i 2023. Ut frå dette, tilrådde Tine at forholdstalet for 2024 skulle aukast med 2 prosentpoeng, til 1,04.

Tine understreka at prognosane er usikre, og at dei vil gjere ei ny vurdering av forholdstalet før sommaren og eventuelt kome tilbake dersom det er behov for ei ytterlegare auke.

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag tilrådde at forholdstalet vart sett til 1,05.

Med bakgrunn i anbefalinga frå marknadsregulator, fastsette Landbruks- og matdepartementet forholdstalet på disponibel kvote for kumjølk for 2024 på 1,04.