I dag løyvde regjeringa 10 millionar kroner til Tverga – ressurssenteret for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet. Det er 500.000 kroner meir enn i fjor. Midlane kjem frå spelemiddeloverskotet til Norsk Tipping.

– For regjeringa er det viktig at alle – uavhengig av kjønn, bustad og sosioøkonomiske forhold - har høve til å ta del i fysisk aktivitet og idrett, også for dei som driv med eigenorganisert idrett, seier kultur- og likestillingsministeren.

Tverga får driftstilskot for å legge til rette for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet over heile landet. Dei er ei ideell foreining med Ungdom og Fritid og Oslo Skateboardforening som medlemmar, og fungerer som eit kunnskaps- og kompetansesenter for både kommunar, fylkeskommunar og eigenorganiserte miljø.