– Barn som ikkje kan bu heime, skal vere trygge på at dei får den omsorga og hjelpa dei treng. Derfor styrkjer vi institusjonsbarnevernet og prioriterer barnevernet høgt i dette budsjettet, seier barne- og familieminister Lene Vågslid.

Av dei 707 millionane er 200 millionar særskilt sette av til å styrkje grunnkapasiteten i institusjonsbarnevernet. Det betyr fleire stabile plassar i statlege institusjonar og langsiktige avtaler med private aktørar.

Dei nye plassane skal så langt som mogleg vere i tråd med den nye retninga for institusjonstilbodet. Målet er å utvikle større einingar og sterke fagmiljø, som kan gi eit godt og tilpassa tilbod til barn med samansette behov, også når behova endrar seg.

– Barn i ei sårbar fase av livet skal sleppe å flytte gjentatte gonger. Derfor skal vi byggje opp plassar som gir meir stabile rammar og ivaretek ei større bredde av barn som treng opphald, seier Vågslid.

Fleire barn har no behov for ein institusjonsplass. 507 millionar er hovudsakleg sette av til eit forsvarleg tilbod til desse barna.

– Talet på brot på bistandsplikta, det vil seie tilfelle der staten ikkje stiller opp med ein plass når kommunane har krav på det, har gått betydeleg ned den siste tida. Det er likevel for mykje kvar gong eit barn må vente for lenge på ein plass. Derfor prioriterer vi no midlar som skal bidra til at Bufetat kan gi barn den hjelpa dei har krav på, når dei treng det, seier Vågslid.