Statsbudsjettet 2027
Avklarar dei resterande byggetrinna i nytt regjeringskvartal
Pressemelding | Dato: 07.10.2026 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
I forslaget til budsjett avklarar regjeringa dei resterande arealbehova for nytt regjeringskvartal og å bevare den gamle regjeringsbygningen (G-blokka). Regjeringa meiner dette forslaget gir den mest kostnadseffektive og sikre løysinga.
Regjeringa foreslår å starte opp rehabiliteringa av den gamle regjeringsbygningen (G-blokka), slik at bygget kan fortsette å bli brukt som ein del av regjeringskvartalet. Bygget er eit viktig kulturminne, som på grunn av teknisk stand og sikkerheit må gjennom omfattande rehabilitering for å kunne brukast som regjeringsbygg.
Å rehabilitere og modernisere bygget til departementsformål gir plass til 450 arbeidsplassar. Dermed vil det berre være behov for å prosjektere eitt nytt bygg (E-blokka) i byggetrinn 3 for å sikre tilstrekkeleg med kontorplassar.
– Vi har snudd kvar stein i dette prosjektet for å løyse dei resterande arealbehova i nytt regjeringskvartal på ein kostnadseffektiv og fornuftig måte. Å bygge eitt nytt bygg og rehabilitere den gamle regjeringsbygningen er den beste løysinga. Å bruke andre eksisterande bygg, heller enn å bygge det siste nybygget i regjeringskvartalet, vil være vesentleg dyrare og gir ikkje forsvarleg sikkerheit, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Torgeir Micaelsen (Ap).
Eit alternativ til denne løysinga ville vere å bygge nytt for å dekke arealbehovet til Finansdepartementet og eitt anna departement, og i tillegg rehabilitere og modernisere den gamle regjeringsbygningen til annan statleg verksemd. Dette ville bli dyrare enn den løysinga regjeringa no foreslår.
Når det gjeld byggetrinn 3, vil det vere vesentleg dyrare å bruke eksisterande bygg heller enn å bygge nytt. Ei slik løysning vil heller ikkje gi forsvarleg sikkerheit.
Fakta om budsjettforslaget 2027
I budsjettforslaget for 2027 fremmer regjeringa forslag om:
- 1 518 millionar kroner til å vidareføre byggetrinn 2 del I (C-blokka, kjeller 2 og vestre del av parken)
- 701,9 millionar kroner til oppstart av byggetrinn 2, del II (den gamle regjeringsbygningen)
- 78,7 millionar kroner til å fortsette prosjekteringa av byggetrinn 3 (E-blokka og resten av parken)