Ny TALIS-undersøking frå OECD
Barnehagetilsette trivst i jobben, men opplever stress
Pressemelding | Dato: 02.12.2025 | Kunnskapsdepartementet
9 av 10 tilsette og styrarar i norske barnehagar trivst på jobb, og dei vil tilrå barnehagen som ein god arbeidsplass. Samstundes opplever mange stress og mange meiner barnehagetilsette er lite verdsette av samfunnet. Det viser ei OECD-undersøking frå 2024.
– Det er godt å få ei stadfesting på at mange trivst i barnehagejobben sin, samstundes som eg merkar meg at mange i stor grad opplever stress. Derfor er tiltaka vi har for å styrke bemanninga og kvaliteten så viktige framover, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
TALIS Starting Strong (Teaching and Learning International Survey) er ei internasjonal undersøking av tilsette og styrarar i barnehagar. Undersøkinga vart gjennomført første gong i 2018 og på nytt i 2024.
I 2024 hadde Noreg låg svarprosent, og det er vanskeleg å seie sikkert om deltakarane er representative. Forskarane meiner derfor det er viktig å vere varsam med å trekke slutningar basert på funna i undersøkinga.
Godt samarbeid med kollegaer og høg meistringstru
Noreg er eit av landa der dei tilsette rapporterer om mest samarbeid seg imellom. Ni av ti oppgjer at styraren fremjar ein kultur for læringsfellesskap.
Tilsette har høg meistringstru: meir enn 90 prosent svarer at dei hjelper barna til å samarbeide med kvarandre og vise god sosial åtferd og at dei hjelper barna til å utvikle kreativitet og evne til problemløysing. Dei svarer også at dei klarer å gi alle barna ei kjensle av tryggleik.
Høgt stressnivå
Samanlikna med andre nordiske land rapporterer norske tilsette eit relativt høgt stressnivå. Å ha for mange barn i barnegruppa eller på avdelinga, eller høgt sjukefråvær, vert oppgitt som dei største kjeldene til stress.
– Store barnegrupper og høgt arbeidspress skaper stress i barnehagekvardagen. Derfor er det avgjerande at kommunane og dei private eigarane er gode arbeidsgivarar som prioriterer barnehagane. Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV har allereie styrkt kommuneøkonomien for å møte utfordringane i sektoren, og for 2025 la vi inn over 1,2 milliardar kroner ekstra til barnehagane seier Nordtun.
I budsjettforliket med Sp og Raudt har regjeringa vorte samde om å utvide ordninga med toppa bemanning i barnehagane med 600 millionar kroner, slik at det til saman blir 800 millionar kroner i 2026.
Hyppig informasjon til foreldra
Å halde foreldra orienterte om kvardagen til barna er ein utbreidd praksis i norske barnehagar. Noreg er blant landa med høgast grad av informasjon til foreldra.
- Eit godt samarbeid mellom tilsette og foreldre er viktig for trivselen og utviklinga til barna. Samstundes er det viktig at dei tilsette bruker tida si på det viktigaste: å gi barna eit best mogleg barnehagetilbod, og ikkje må bruke tid på overdriven rapportering til foreldre i appar til dømes, seier Nordtun.
Høgt verdsett av foreldre, men mindre verdsett av samfunnet
I alle land er andelen som svarer at barnehagetilsette er verdsette i samfunnet, lågare enn andelen som seier dei er verdsette av foreldra. I Noreg svarer så å seie alle at dei kjenner seg verdsette av foreldra og barna, medan under halvparten føler seg verdsette av samfunnet. Andelen som kjenner seg verdsett av samfunnet er lågare i 2024 enn i 2018, medan andelen som svarer at dei er verdsette av foreldra, er om lag den same.
– At barnehagetilsette kjenner seg lite verdsette av samfunnet, må vi ta på største alvor. Det kan gjere det vanskelegare både å rekruttere tilsette og å behalde dei erfarne og dyktige medarbeidarane som barna er så avhengige av. Regjeringa er allereie i gang med ei rekke tiltak, i god dialog og samarbeid med partane i arbeidslivet, for å betre rammevilkåra for dei tilsette i barnehagane. Den jobben skal vi halde fram med, seier Nordtun.
Hovudfunn TALIS Starting Strong 2024
- Tilsette og styrarar i norske barnehagar trivst på jobb, men mange opplever stress og føler at barnehagetilsette er lite verdsette av samfunnet.
- Arbeidet til barnehagepersonalet er retta mot barnas utvikling, og dei tilpassar seg for å møte barnas behov.
- Barnehagane er prega av fagleg fellesskap, medverknad og godt samarbeid.
- Tilsette uttrykker behov for meir fagleg utvikling, særleg innanfor spesialpedagogikk og fleirspråklegheit.
TALIS Starting Strong 2024
- Undersøkinga er organisert av OECD.
- TALIS Starting Strong 2024 vart gjennomført i 15 land/utdanningssystem. I Noreg vart undersøkinga gjennomført våren 2024.
- TALIS Starting Strong 2024 består av éi undersøking retta mot tilsette og styrarar som jobbar med barn under tre år, og éi undersøking retta mot tilsette og styrarar som jobbar med barn i alderen 3–5 år. Desse blir omtalte som «under 3-undersøkinga» og «3–5-undersøkinga»
- TALIS Starting Strong er ei utvalsundersøking. Det er frivillig for både barnehagar og tilsette å delta. Noreg har låg svarprosent i TALIS Starting Strong 2024.
- Til saman har 170 styrarar og 744 barnehagetilsette svart på undersøkingane.
- I «3–5-undersøkinga» ligg svar frå 84 styrarar og 377 barnehagetilsette til grunn for analysane. 38 prosent av barnehagane som vart inviterte deltok, og 74 prosent av dei tilsette i desse barnehagane svarte. Til saman utgjer dette ein svarprosent på 28. Tala for «under 3-undersøkinga» er tilsvarande.
- Analysar tyder på at deltakande barnehagar er representative, men på grunn av låg svarprosent må tala tolkast med varsemd.