Statsbudsjettet 2026
Betre for barnefamiliar i innsatssona
Pressemelding | Dato: 15.10.2025 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Barnefamiliar i Nord-Troms og Finnmark vil spara om lag 50 000 kroner meir på lågare skatt og billigare studielån neste år dersom forslaget til statsbudsjett får fleirtal i Stortinget.
I forslaget for 2026 føreslår regjeringa å styrkje innsatssona på to måtar: Å auke Finnmarksfrådraget med 50 prosent, frå 30 000 til 45 000 kroner, og ved å doble satsen for sletting av utdanningslån til 60 000 kroner. I tillegg fører regjeringa vidare tillegget i barnetrygda på 6000 kroner i året.
Det vil framleis vere gratis barnehage, lågare skatt på alminneleg inntekt og fritak for el-avgift, og dessutan skal verksemder i innsatssona sleppe å betale arbeidsgivaravgift. For ein familie med to barn og studielån kan dei personretta tiltaka gje ein økonomisk fordel på om lag 200 000 kroner i 2026.
– Innsatssona er strategisk viktig for Noreg. Vi må jobba for at unge vaksne og barnefamiliar vil bu i nordområda, og regjeringa styrkjer derfor tiltaka for å gjera regionen meir attraktiv for desse gruppene, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran.
Desse tiltaka gjeld i innsatssona, det som tidlegare heitte tiltakssona for Nord-Troms og Finnmark.
– Samla føreslår vi å løyve om lag 7,2 milliardar kroner til desse tiltaka – det er 350 millionar kroner meir enn i 2025. Sidan regjeringsskiftet i 2021 har verkemidla auka med vel to milliardar kroner, når vi inkluderer forslaget for 2026, seier Skjæran.
Innsatssona består av alle kommunane i Finnmark og dei nordlegaste kommunane i Troms, og staten har innført ei rekkje økonomiske verkemiddel for innbyggarar og verksemder. Målet er å skapa ein region der det er attraktivt å bu, arbeida og driva næringsverksemd. Det er også mogleg å gå inn på ein fordelskalkulator, der kvar enkelt kan berekna dei økonomiske fordelane ved å bu i innsatssona.