Dataprioriteringsrådet i gang med arbeidet – skal gi råd om deling av offentlege data
Nyheit | Dato: 20.10.2025 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Dataprioriteringsrådet samla seg for første gong torsdag 16. oktober, med deltaking frå digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung. Rådet er oppretta for å gi regjeringa råd om kva offentlege data som bør prioriterast for deling, og skal bidra til at data blir brukt der dei gir størst samfunnsverdi.
– Regjeringa ønskjer å gjere meir data tilgjengeleg for bruk i både offentleg sektor, næringsliv, forsking og sivilsamfunnet. Dataprioriteringsrådet skal gi oss råd om kva data som bør delast først, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.
Rådet vart oppretta i september 2025 og består av åtte personar med ulik erfaring og høg kompetanse på samfunnsdata. .
Utvalsleiar Roar Skålin, direktør ved Meteorologisk institutt, uttrykte optimisme etter det første møtet:
– Vi har kome godt i gang med arbeidet. Rådet består av ei breitt samansett og engasjert gruppe som er svært motiverte for oppgåva, seier Skålin.
Rådet er oppnemnt for ein periode på 18 månader, og sekretariatet er lagt til Digitaliseringsdirektoratet. Rådet skal som ein del av arbeidet gi tilrådingar til regjeringa våren 2026, i form av anbefalingar utarbeidd i tråd med utgreiingsinstruksen.
Dataprioriteringsrådet skal vere ein nasjonal arena for dialog mellom brukarar og tilbydarar av data. Det skal samle systematisk kunnskap om kva data næringsliv og sivilsamfunn etterspør, og vurdere kva data frå offentleg sektor som har størst samfunnsverdi. I vurderingane skal rådet ta omsyn til kost-nytte, samfunnsgevinstar, tryggleik, personvern og etiske aspekt. Datasett som allereie er omfatta av EUs krav til datasett med høg verdi, skal ikkje vurderast av rådet.
Medlemmene i rådet per 4. september 2025 er:
- Roar Skålin, direktør, Meteorologisk institutt, Oslo (leiar)
- Torbjørn Folgerø, IT- og digitaliseringsdirektør, Equinor, Bergen
- Christine Ask Ottersen, advokat og partner, PwC, Oslo
- Kristin Lyng, tenesteeigar for tiltrudd tredjepart og datadeling, Norsk helsenett SF, Oslo
- Tristan Rolstad, fagsjef digitalisering, KS, Buskerud
- Rasmus Hauch, CTO, Boost.ai, København
- Susanna Ragnhild Andersdatter Siri, forskar, Senter for samisk helseforskning, UiT, Tromsø
- Lajla Ellingsen, graveleiar og journalist, Adresseavisen, Trondheim