Dei aller fleste nyutdanna med master er i relevant jobb innan eit halvår

Arbeidsløysa er aller lågast blant dei med master frå lærar- og helse- og sosialfagutdanningar. Kandidatar med master i real- og naturfag slit mest med overgangen frå utdanning til jobb. Dei er òg mest overraska over at overgangen til arbeid var vanskeleg. Det kjem fram i kandidatundersøkinga.

– Først og fremst viser denne undersøkinga tydeleg at det løner seg å ta ein mastergrad. Sjølv om talet på nyutdanna med mastergrad er meir enn dobla dei siste ti åra, er det ikkje teikn til at arbeidsmarknaden er metta eller at dei nyutdanna slit meir enn før med å få jobb, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Han har nett fått dei første resultata frå kandidatundersøkinga 2023. Våren 2023 gjekk 18 667 studentar ut med mastergrad frå norske universitet og høgskular. I fjor haust spurte forskingsinstituttet NIFU alle desse kandidatane om korleis arbeidssituasjonen deira var eit halvt år etter fullført utdanning.

Dei fleste får jobb, men overgangen er lettast for dei med profesjonsutdanning

Dei siste ti åra er talet på nyutdanna med mastergrad meir enn dobla. I heile fjor fullførte 22 483 studentar mastergraden i Noreg.  Likevel ser ein ikkje ei negativ utvikling i mistilpassing eller auka vanskar for kandidatane med å få relevant jobb.

Eit overvegande fleirtal – nærare ni av ti – av dei nyutdanna masterkandidatane er i jobb eit halvt år etter at dei har fullført utdanninga, og mange av desse har ein jobb som samsvarer nokså godt med utdanninga dei har teke. Men det er òg nokre grupper som opplever større utfordringar i overgangen frå utdanning til jobb.

Kandidatar med mastergrad i eit profesjonsfag, til dømes lærarar og legar, hadde ein nokså lett overgang til arbeid. Dei opplevde i liten grad arbeidsløyse eller andre former for mistilpassing i arbeidsmarknaden. Det same gjaldt juristar. Arbeidsløysa eit halvt år etter fullført mastergrad var lågast blant kandidatar innan lærar- og pedagogikkutdanningar (1,6 prosent) og innan helse- og sosialfag (3 prosent).

Dei som har teke ein mastergrad i ulike disiplinfag sleit noko meir. Det er i tråd med det vi har sett tidlegare. Natur- og realfagskandidatar har høgast arbeidsløyse etter eit halvår (over 13 prosent). Det er litt høgare enn blant samfunnsvitarar (under 11 prosent) og humanistar (under 10 prosent).

Oppfordrar arbeidsgivarar til å ta ein sjans med nyutdanna

Om lag halvparten av dei med master i natur- og realfag, samfunnsfag og humanistiske og estetiske fag meldte at overgangen til arbeid var vanskelegare enn dei hadde venta.

– Det er ikkje så overraskande at overgangen til arbeidslivet er lettare for dei som har utdanna seg til ein profesjon enn for dei som har tatt ein utdanning der det ikkje er like opplagt akkurat kva dei blir når dei er ferdige. Her meiner eg utdanningane har ei oppgåve i å førebu studentane betre på oppgåver i arbeidslivet.  Eg trur vi treng betre samarbeid mellom arbeidsgivarar og universitet og høgskular. Det kan gi arbeidsgivarane betre forståing av kva kandidatane kan, og kan gjere undervisninga meir arbeidslivsrelevant.

På same tid utfordrar statsråden arbeidsgivarane.

– Eg trur mange arbeidsgivarar må tørre å ta større sjansar. Ein del etterspør smale spesialistar, som gjer det vanskeleg for andre masterkandidatar å «treffe». No er vi i ein periode der det er mangel på arbeidskraft. Då må arbeidsgivarane ta ansvar for å vere litt meir nyfikne på ulike typar søkarar og rekruttere breiare. Dei må òg gjere seg betre kjende blant studentane, seier Hoel.

Dei siste ti åra er talet på nyutdanna med mastergrad meir enn dobla. I 2023 gjekk 22 483 studentar ut med mastergrad frå norske universitet og høgskular.

Arbeidsløyse

  • Arbeidsløysa blant nyutdanna kandidatar har auka noko frå 2021 til 2023 (frå 5,2 prosent til 6,4 prosent), men det er stor variasjon mellom fagfelt.
  • Kandidatundersøkingar gjennomført tidlegare år har vist at arbeidsløysa er høgare blant nyutdanna enn i arbeidsstyrken generelt (3,6–3,7 prosent hausten 2023), noko som har samanheng med at dei nyutdanna har hatt mindre tid til å etablere seg på arbeidsmarknaden.
  • Arbeidsløysa i 2023 var høgast blant kandidatar innan natur- og realfag (13,3 prosent), noko som òg var tilfelle i 2021. Samfunnsvitarar og humanistar har sett ein auke i same periode, og arbeidsløysa blant kandidatar frå desse fagfelta ligg no på høvesvis 10,7 og 9,6 prosent. Dei passerte dermed teknologiske fag (7,4 prosent), som heldt fram den søkkande trenden sett dei seinare åra. Arbeidsløysa var lågast blant kandidatar innan lærar- og pedagogikkutdanningar (1,6 prosent) og innan helse- og sosialfag (3 prosent).
  • Kandidatar frå utdanningar som fører til typiske velferdsprofesjonar – lærarutdanning og helse – opplever sjeldan arbeidsløyse, medan kandidatar med meir generelle utdanningar, der koplinga mellom utdanning og yrke er svakare, er meir utsette.

Mistilpassing

Mistilpassing vil seie arbeidsløyse, ufrivillig deltid, lite samsvar mellom innhaldet i utdanninga og arbeidsoppgåvene kandidaten har i jobben, eller at dei ikkje hadde trengt ein mastergrad eller høgare utdanning i jobben dei har.

  • Arbeidsløyse er den alvorlegaste forma for mistilpassing i arbeidsmarknaden, men det er også ei rekke andre forhold som blir brukte som indikatorar for i kva grad overgangen frå utdanning til arbeidsmarknad er vellykka, inkludert undersysselsetjing og innhaldsmistilpassing.

Undersysselsetjing

Undersysselsetjing vil seie at kandidaten melder at å arbeide deltid i hovudstillinga si, og at den viktigaste grunnen til deltidsarbeid, er at «det har ikkje vore mogleg å få heiltidsjobb».

  • I alt 6,7 prosent av kandidatane var undersysselsette i 2023, som inneber at dei arbeider deltid i hovudstillinga si, og melder at den viktigaste grunnen til deltidsarbeid er at «Det har ikkje vore mogleg å få heiltidsjobb».
  • Det er stor variasjon mellom fagfelt i delen kandidatar som er undersysselsette. Humanistiske og estetiske fag har den største delen med 14,5 prosent, som er statistisk signifikant høgare enn alle andre fagfelt (delane varierer frå 1,1 prosent til 9,5 prosent).
  • Fleire fagfelt opplevde ein auke i undersysselsetjinga frå 2021 til 2023, men dette gjaldt ikkje lærar- og pedagogikkutdanningar, juridiske fag og teknologiske fag. Svingingane frå år til år er nokså moderate, med unntak av koronaåret 2020 då fleire var ufrivillig i deltidsstilling.

Samsvar mellom innhaldet i utdanninga og arbeidet

  • Arbeid der innhaldet i arbeidet samsvarer dårleg med innhaldet i utdanninga, såkalla innhaldsmisforhold (også kjent som horisontal mismatch), er ei anna form for mistilpassing. I 2023 er det kandidatar frå humanistiske og estetiske fag (25 prosent), samfunnsfag (25 prosent) og natur- og realfag (19 prosent) som har størst del innhaldsmistilpassa (del som svarte «dårleg» i staden for «middels eller «god»). Lågast del mistilpassa finn vi innan helse- og sosialfag (8 prosent), juridiske fag (11 prosent) og teknologiske fag (13 prosent). Det er også desse faga som har høgast del kandidatar som rapporterer «god» innhaldstilpassing.
  • Det var ein markant auke i delen som opplever innhaldsmisforhold blant kandidatar innan samfunnsfag, lærar- og pedagogikkutdanningar, og økonomiske og administrative fag frå 2021 til 2023, og dessutan ein svak auke blant humanistar. Andre fagfelt ligg stabilt på same nivå som i 2021.
  • Over tid er det i stor grad dei same gruppene som er eksponerte for innhaldsmisforhold som andre former for mistilpassing, det vil seie humanistar, samfunnsvitarar og realfagskandidatar.

Samla mistilpassing

  • Kandidatundersøkinga bruker ofte eit samla mål på mistilpassing i arbeidsmarknaden, der ein summerer delen arbeidsledige, undersysselsette og innhaldsmistilpassa. Samla mistilpassing har auka dei siste to åra, frå 20,3 prosent i 2021 til 24,6 prosent i 2023
  • Medan utviklinga i undersysselsetjing over tid i det store og heile følger utviklinga i arbeidsløyse, har innhaldsmistilpassing halde seg meir stabil. Sistnemnde bryt med denne trenden og gjer eit kraftig hopp frå 2021 til 2023 med ein auke på 3,3 prosentpoeng, og når med det høgaste nivået for heile perioden.
  • Auken i prosentpoeng dei siste to åra har vore størst for masterar i samfunnsvitskaplege fag, frå 24 til 36 prosent. Dei har nest høgast samla mistilpassing etter humanistiske og estetiske fag (40 prosent), 3 prosentpoeng høgare enn natur- og realfag (33 prosent).

Mistilpassing i forhold til utvikling i kandidattal

  • Talet på kandidatar aukar jamt, medan delen mistilpassa er relativt stabil (perioden 2011–2023). Det synest med andre ord å vere liten samanheng mellom kandidattal og mistilpassing i arbeidsmarknaden. Same mønsteret er tidlegare vist i analysar av overutdanning og kandidattal.

Samsvar mellom utdanningsnivå og arbeidsoppgåver

  • Om lag to av tre kandidatar meiner at mastergrad er passande utdanningsnivå for den jobben dei har. Delen er høgast blant juristar (83 prosent). Også blant dei som har utdanning i teknologiske fag og lærar- og pedagogikkutdanning, er delen som svarer at mastergrad er passande utdanningsnivå relativt høg; her svarer tre av fire at mastergrad er passande nivå for jobben.
  • I motsett ende av skalaen finn vi dei som har master i humanistiske og estetiske fag, der omtrent halvparten meiner at mastergrad er passande nivå. Kandidatar innan humaniora og samfunnsfag har dei høgaste delane som gir uttrykk for at jobben deira ikkje krev høgare utdanning i det heile. Dette gjeld bortimot 22 prosent av kandidatane innan humanistiske og estetiske fag, og 16 prosent innan samfunnsfag.
  • Del overutdanna – det vil seie kandidatar med høgare utdanning enn det stillinga og arbeidsoppgåvene krev (vertical mismatch) – er desidert høgast innanfor humanistiske og estetiske fag (47 prosent). Ni prosentpoeng over samfunnsfag (37 prosent), som har den nest høgaste delen.
  • Delen kandidatar som gir uttrykk for å ha eit arbeid som ikkje krev masterutdanning har auka mest innan samfunnsfag, frå 29 prosent i 2021 til 37 prosent i 2023. Det har også vore ein auke i humanistiske og estetiske fag, frå 41 prosent i 2021 til 47 prosent i 2023, men denne samanhengen er ikkje statistisk signifikant. Det einaste fagfeltet der delen overutdanna har gått ned sidan 2021 er helse- og sosialfag, frå 34 prosent i 2021 til 27 prosent i 2023.

Arbeidsmarknadstilpassing i forhold til forventningar

  • Totalt melder 37 prosent at overgangen frå studium til arbeid har vore vanskelegare enn forventa, 37 prosent at han har vore omtrent som forventa, medan 26 prosent har erfart at han har vore lettare enn forventa.
  • Det er store forskjellar mellom fagfelt. Høgast del som har erfart at overgangen til arbeidsmarknaden var vanskelegare enn forventa, finn vi blant kandidatar i natur- og realfag, samfunnsfag, og humanistiske og estetiske fag. Rundt halvparten av masterane frå desse utdanningane rapporterer at overgangen til arbeidsmarknaden var vanskelegare enn forventa. Dette er også fagfelta som har høgast grad av mistilpassing.

Kvar jobbar dei?

  • I alt 58 prosent av dei sysselsette arbeider i ulike delar av offentleg sektor, med overvekt i statleg (23 prosent) og kommunal (28 prosent) sektor.
  • Kandidatar med lærar- og pedagogikkutdanning og helse- og sosialfag jobbar i hovudsak i offentleg sektor (høvesvis 87 og 79 prosent). Blant masterar i teknologiske fag og økonomiske og administrative fag, jobbar tre av fire i privat sektor.