Rita Dyrnes Flatvad og Knut Flatvad har dei siste åra rydda eit stort kulturbeite for storfe, og arbeider med å få til beiting i gamle seterområde. Slik har dei vist korleis bønder kan bidra positivt til å både auke verdiskaping og ivareta kulturlandskapet.

Sandtrøen og prisvinnarane
Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen saman med bøndene Rita Dyrnes Flatvad og Knut Flatvad som driv Østigard Flatvad. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Dei to bøndene driv ein aktiv landbruksproduksjon, med mellom anna mjølkeproduksjon og svineproduksjon. Det er også ein besøksgard for både barnehagar og skular, der unge lærer om landbruk og matproduksjon. 

Frå tunet på Flatvad Gard
På garden Østigard Flatvad er det tre SEFRAK-registrerte bygningar. SEFRAK står for Sekretariatet For Registrering Av Faste Kulturminne i Noreg. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

På garden Flatvad er det ikkje berre landbruksdrift. Gården peikar også tilbake på den felles nasjonale kulturarven. Det er inkje mindre enn 3 SEFRAK-registrerte (Sekretariatet For Registrering Av Faste Kulturminne i Noreg) bygninga: ei smie frå 1800-talet, eit stabbur og ei nordmørslån frå 1700-tallet. i tillegg står seterdrift på UNESCOs verdsarvliste, og Noreg har eit ansvar for å forvalte dette for framtida.

Det er Norsk Kulturarv og Landbruks- og matdepartementet som kvart år samarbeider om å velje ut vinnaren av prisen.

I år er det den 18. i rekkja.

Målet med prisen er å bevisstgjere allmenheita på utfordringar i forhold til kulturlandskapsverdiar, auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet, bevisstgjere miljøverdiane i kulturlandskapet og stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode døme.

Kulturlandskapsprisen er på kr 50.000,- sammen med et grafisk blad i tresnitt utført av Hans Normann Dahl

Frå utdelinga.
Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen, Rita Dyrnes Flatvad og Knut Flatvad, ordførar Ståle Refstie og fylkesordførar Anders Riise i Møre og Romsdal. Foto: Landbruks- og matdepartementet