Det var statssekretær Usman Ahmad Mushtaq som delte ut intensjonsavtalen sine utmerkingar for 2025 under årets #MerAv-seminar. Dette er sjette gang prisane blir delte ut for å synleggjere gode tiltak som matvarebransjen gjer for å fremje eit sunnare kosthald i befolkninga. Ein ekstern jury har plukka ut finalistane og kåra dei to vinnarane.

I kategorien «sunnare produkt» la juryen vekt på at kostråda tilrår magert kjøtt og kjøttprodukt, og at Den stolte hanen sin serie med spiseklare varme og kalde kyllingrettar, som alle er merkte med Nøkkelhullet, gjer det lettare å velje magert kjøtt i ein travel kvardag.

I kategorien «sunnare marknadsføring» trekte juryen fram at BAMA sin kampanje løfter fram norske grønsaker i sesong og inspirerer til bruk av norske grønsaker.

#MerAv-seminaret blei arrangert av Sjømat Norge, Norges Frukt- og Grønnsaksgrossisters Forbund og Baker- og konditorbransjens Landsforening, i Næringslivets hus i Oslo.

Finalistar og plassering i kategorien Sunnare produkt

  1. plass: Den stolte hanen med produktserien Spiseklar
  2. plass: O. Kavli AS med mindre feitt i smøreostar
  3. plass: REMA 1000 med Superheltserien

Finalistane i kategorien Sunnare marknadsføring

  1. plass: BAMA med Norskkampanjen 2025
  2. plass: TINE med Skikkeleg godt
  3. plass: Matprat med Spis grovbrød!

Om juryen

Juryen har bestått av medlemmar frå referansegruppa for intensjonsavtalen, med spisskompetanse innan fagområda produktutvikling, ernæring, marknadsføring og forbrukartrendar. Juryen bestod av:

  • Kristin Hollung, avdeling mat og helse, Nofima, juryleiar
  • Lars Erling Olsen, institutt for marknadsføring, Handelshøyskolen BI
  • Nanna Lien, avdeling for ernæringsvitskap, Universitetet i Oslo
  • Annechen Bahr Bugge, Forbruksforskningsinstituttet SIFO, OsloMet

Om intensjonsavtalen

Helse- og omsorgsdepartementet sine utmerkingar skal fremje arbeidet som blir gjort i tilknyting til intensjonsavtalen om å legge til rette for eit sunnare kosthald. Utmerkinga skal gi ekstra merksemd til aktørar som gjer ein særleg innsats for å utvikle og/eller marknadsføre sunnare mat- og drikkevarer, slik at det blir lettare for forbrukarane å ta gode val og ete sunt.

Intensjonsavtalen for eit sunnare kosthald er ein samarbeidsavtale mellom helsemyndigheitene og matbransjen for å betre kosthaldet i befolkninga. Avtalen gjekk ut 31. desember 2025, og det blir for tida arbeidd med ei revidering. Partane er einige om å halde fram samarbeidet til ein eventuell ny avtale er på plass.