533 millionar kroner meir i frie inntekter til Agder neste år

Regjeringa legg 2,5 milliardar kroner på toppen av Solberg-regjeringa sitt forslag til vekst i frie inntekter for 2022. Dermed får kommunesektoren 4,5 milliardar kroner meir i frie inntekter neste år. – No sikrar vi ressursar og handlefridom til kommunesektoren slik at dei kan levere gode velferdstenester over heile landet, seier kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram.

Tabellen syner fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Agder og Agder fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2021 til 2022. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2021. Anslaget inkluderer ei justering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2021 på 5,9 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2021.

For å gjere inntektsnivået i 2021 samanliknbart med inntektsnivået i 2022, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2021 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2021.

Utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota kan forklare mykje av variasjonen i veksten kommunar og fylkeskommunar imellom. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

 

  Anslag på Vekst frå anslag Endring 
  frie på rekneskap 2021 - 2022 fra 
Kommune inntekter  Nominelle Prosent Prop. 1 S
  2022 kroner    
  (1000 kr) (1000 kr)   (1000 kr)
  1 2 3 4
         
4201 Risør 441 793 8 900 2,1 2 873
4202 Grimstad 1 408 188 35 204 2,6 7 680
4203 Arendal 2 699 073 70 398 2,7 13 121
4204 Kristiansand 6 737 742 144 123 2,2 36 676
4205 Lindesnes 1 496 165 27 406 1,9 9 448
4206 Farsund 607 915 10 658 1,8 3 712
4207 Flekkefjord 603 407 18 493 3,2 4 300
4211 Gjerstad 173 580 1 815 1,1 868
4212 Vegårshei 153 861 2 170 1,4 833
4213 Tvedestrand 393 628 8 337 2,2 3 763
4214 Froland 374 869 13 408 3,7 2 728
4215 Lillesand 679 926 12 483 1,9 3 779
4216 Birkenes 349 569 8 045 2,4 2 743
4217 Åmli 161 046 3 914 2,5 1 474
4218 Iveland 107 735 3 008 2,9 1 288
4219 Evje og Hornnes 244 176 4 133 1,7 2 026
4220 Bygland 99 554 2 468 2,5 1 263
4221 Valle 96 937 1 426 1,5 831
4222 Bykle 92 957 1 883 2,1 1 450
4223 Vennesla 918 863 16 496 1,8 5 707
4224 Åseral 81 801 2 741 3,5 801
4225 Lyngdal 702 848 18 516 2,7 5 492
4226 Hægebostad 135 740 4 785 3,7 1 358
4227 Kvinesdal 404 467 6 427 1,6 3 885
4228 Sirdal 155 740 2 374 1,5 1 629
Til fordeling gjennom året 18 350      
Agder 19 339 932 429 610 2,3 115 080
         
Agder fylkeskommune 4 422 376 102 933 2,4 27 084

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2022, målt i 1 000 kroner. Det blir gjort nokon endringar i tabell C pga. feil i berekning av kompensasjon for barnevern i Grønt hefte. Dette er ikkje teke omsyn til i tabellen her. Det kan også bli endringar i fordelinga av grunnskuletilskotet når ny statistikk ligg føre.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2021 til anslag for 2022 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.

Fjerde kolonne:

Viser endringa i veksten i frie inntekter samanlikna med Solberg-regjeringa sitt budsjettforslag.