– Vår felles helseteneste skal ta vare på oss alle, også menneske med alvorlege rusmiddelproblem. Brukarromma er trygge stader, som bidrar til at livet for nokre av dei mest sårbare i landet vårt blir litt meir verdig, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

– Derfor vil regjeringa no gjere det enklare for kommunar å etablere brukarrom, og private aktørar – som til dømes ideelle organisasjonar – kan no spele ei viktig rolle i dette arbeidet, fortel Vestre.

Moglegheit for unntak

Regjeringa legg opp til at kommunar skal kunne søke om unntak frå nokre av lovas krav til korleis brukarrom skal vere, til dømes krav om å ha både injiseringsrom og inhaleringsrom.

– Terskelen for å etablere brukarrom i dag er for høg. Det er betre at kommunen tilbyr eit brukarrom utan alle fasilitetar enn at kommunen vel å ikkje etablere ei brukarromsordning i det heile tatt, seier Vestre.

Med lovendringane vil det også vere mogleg å etablere brukarrom i tilknytning til lågterskel butilbod el., der fleire av bebuarane har alvorlege rusmiddelproblem.

Regjeringa vil i tillegg opne for at kommunar kan velje å gå inn i avtalar med private aktørar, til dømes ideelle organisasjonar, om å drive brukarrom på vegner av kommunen.

Justerer målgruppa

I tillegg blir målgruppa for brukarromsordninga justert for at fleire skal bli inkluderte i ordninga.

– Regjeringa foreslår i den samanheng mellom anna å likestille alle måtar å innta narkotika på. Tilgang til brukarrom kan bidra til verdigheit også for personar som brukar narkotika på andre måtar enn ved injisering, seier Vestre.

Følger opp førebygging- og behandlingsreforma

Å gjere det lettare for kommunar å opprette og gi tilbod om brukarrom er ein viktig del av regjeringa sitt arbeid med å følge opp førebygging- og behandlingsreforma for rusfeltet.

Reforma skal bidra til at det blir lettare å kome seg ut av rusmiddelavhengigheit, og samtidig sikre at dei bland oss som slit med alvorlege rusmiddelproblem får trygg og god helsehjelp.