Forsida

Dette er finalistane i utmerkingane for sunnare kosthald

Aktørar i matvarebransjen konkurrerer om utmerkingar for særleg god innsats i arbeidet for eit sunnare kosthald. Måndag kunngjorde helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol finalistane.

Matvarebransjen har forplikta seg til å legge til rette for sunne kosthaldsval gjennom intensjonsavtalen for eit sunnare kosthald.

Prisar i to kategoriar

Utmerkingane for sunnare kosthald er ein honnør til aktørar som gjer ein særleg innsats i dette arbeidet, og det blir delt ut prisar i kategoriane sunnare produkt og sunnare marknadsføring.

– Det blir lagt ned mykje arbeid for å fremme dei sunnare vala og gjere kvardagsprodukta sunnare. Matvarebransjen er ein viktig samarbeidspartnar for oss på dette området, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.   

Dette er finalistane

Det har komen inn 23 nominasjonar i kategorien sunnare produkt og 18 nominasjonar i kategorien sunnare marknadsføring.

Nominasjonane er vurderte av ein eigen jury, som også har plukka ut dei tre finalistane i kvar kategori.

Finalistane i kategorien sunnare produkt

  • Grilstad med Lev Litt Lettere-serien
  • ISS med matfilosofien Good Mood Food
  • Unil med First Price, ernæringsmessige gode val til ein lågare pris

I si grunngiving trekk juryen fram at alle dei nominerte produkta på kvar sin måte kan bidra til at forbrukarar får i seg mindre salt og metta fett, og meir fisk og sjømat, grove kornprodukt, frukt og grønt.

Vidare seier juryen at ved å redusere innhaldet av salt og metta fett i kvardagsprodukta når ein mange, kanskje også dei som ikkje er så opptatte av kosthald. Dette kan ha ein positiv verknad for folkehelsa, og bidra til å redusere sosiale forskjellar i kosthaldet. 

Finalistane i kategorien sunnare marknadsføring

  • Baker- og konditorbransjens Landsforening (BKLF) med Brødskala'n – ei merkeordning som bidrar til auka forbruk av sunne, grove kornprodukt
  • Opplysningskontoret for frukt og grønt (OFG), med gulrot frå jord til bord/5 om dagen barnehage
  • REMA 1000, som støttar aktiv idrett med frukt og grønt på idrettsarrangement

Juryen skriv at dei tre finalistane i kategorien sunnare marknadsføring bidrar til auka kunnskap om mat som myndigheitene ønsker vi et meir av – grove kornprodukt, frukt, bær og grønsaker.

Merkeordningar skal gjere det lettare for forbrukarar å velje dei sunnaste alternativa. Auka tilbod på arenaer der barn og unge er til stades skal gjere det enklare for barna å velje sunt. Kosthaldstiltak retta mot barn og unge er viktige for å etablere gode matvanar tidleg.

Juryen har bestått av

  • Kristin Hollung, avdeling mat og helse, Nofima, juryleiar
  • Lars Erling Olsen, institutt for marknadsføring, Handelshøyskolen BI
  • Nanna Lien, avdeling for ernæringsvitenskap, Universitetet i Oslo
  • Annechen Bahr Bugge, Forbruksforskingsinstituttet SIFO, OsloMet

Helsedirektoratet har sekretariatsfunksjon for utmerkingane, men sit ikkje i juryen.

Vinnarane blir kåra 16. februar 2023

Vinnarane av intensjonsavtalene sine utmerkingar blir kåra på #MerAv-steminar Spisevaner endres raskt i krisetider – mulighetsrom for det vi skal spise mer av.

Arrangementet finn stad ved UMAMI Lillestrøm torsdag 16. februar kl 10.00 – 11.30.