Dette er finalistane til utmerkingar for sunnare kosthald
Nyheit | Dato: 12.01.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Aktørar i matbransjen konkurrerer om utmerkingar for særleg god innsats i arbeidet for eit sunnare kosthald. Vinnarane blir kåra 28. januar 2026.
Matbransjen samarbeider med styresmaktene om å legge til rette for sunnare kosthaldsval gjennom intensjonsavtalen for eit sunnare kosthald (helsedirektoratet.no).
Intensjonsavtalen sine utmerkingar blir delte ut til aktørar som gjer ein særleg innsats for å gjere det enklare for forbrukarane å ta sunnare val. Det blir delt ut prisar i kategoriane Sunnare produkt og Sunnare marknadsføring. Vinnarane blir kåra 28. januar 2026.
– Det har kome inn mange gode nominasjonar, også i år, og eg ønsker å gi honnør til alle finalistane for innsatsen i arbeidet for eit sunnare kosthald. Matbransjen har store moglegheiter til å påverke kva vi et. Å gjera kvardagsprodukt sunnare er viktig for å sikre betre helse i befolkninga, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
Finalistane i kategorien Sunnare produkt
- Den Stolte Hane med Produktserien Spiseklar
- O. Kavli AS med Mindre fett i smøreoster
- REMA 1000 med Superheltserien
Finalistane i kategorien Sunnare marknadsføring
- BAMA med Norskkampanjen 2025
- Matprat med Spis grovbrød!
- TINE med Skikkelig godt
Om juryen
Juryen har bestått av medlemmar av referansegruppa for intensjonsavtalen som har spisskompetanse innan fagområda produktutvikling, ernæring, marknadsføring og forbrukartrendar.
- Kristin Hollung, Avdeling mat og helse, Nofima, juryleiar
- Lars Erling Olsen, Institutt for markedsføring, Handelshøyskolen BI
- Nanna Lien, Avdeling for ernæringsvitskap, Universitetet i Oslo
- Annechen Bahr Bugge, Forbruksforskningsinstituttet SIFO, OsloMet