Krigen mellom Israel og Hamas på Gaza spreier mørke skuggar over Midtausten. Brutale angrep på sivile og store humanitære lidingar påverkar menneske langt utover regionen – også her heime. Mange kjenner på bekymring og uro. Ein del nordmenn har også nær tilknyting til regionen gjennom familie, venner eller trustilhøyrsle.

Statsministeren og barne- og familieministeren ønskjer å samtale om korleis vi i ei tid som for mange er prega av frykt og uro kan halde fram den gode dialogen, og korleis ein saman kan bidra til å førebyggje splitting og halde oppe samhald og tillit i det norske samfunnet.

Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Program

  • 14.30: Statsministeren ønskjer velkommen. Innleiing frå Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn. Denne delen er open for pressa og vert overført på regjeringa.no.
  • Dialogmøte utan presse.
  • Pressetilgjenge for statsministeren og barne- og familieministeren om lag kl. 1545.

Nett-tv Dialogmøte med tru- og livssynsorganisasjonar.

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Me ber om påmelding til mo@smk.dep.no innan onsdag kl. 12.00.  Oppmøte for presse i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 14.00 for registrering og sikkerheitssjekk. Ta med pressekort og gyldig id.

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.