Det viser ei kartlegging som Vista Analyse har gjennomført blant universitet og høgskular.

– Vi har krevjande tider framfor oss, med større krav til omstilling og økonomisk prioritering. Då er det bra at universiteta og høgskulane arbeider for meir effektiv arealbruk, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

Kan gi gevinstar

Totalt er det rapportert om 112 tiltak for arealeffektivisering ved lærestadene. Tiltaka spenner frå mindre organisatoriske endringar til større bygningsmessige inngrep.

Fleire av tiltaka kan gi innsparingar i form av reduserte leige- og driftskostnader. Dei kan òg gi studentar og forskarar lokale med betre funksjonalitet, oppgradert forskingsinfrastruktur, moderne undervisningsareal og meir sambruk mellom fagmiljø og eksterne aktørar.

Effektivisering vil krevje investeringar

Det er ikkje gitt at alle planlagde tiltak blir gjennomførte. Rapporten har kartlagt kva som er dei viktigaste barrierane mot arealeffektivisering. Økonomiske og organisatoriske forhold blir trekte fram som dei største barrierane. 

Mange tiltak kan gjennomførast innanfor budsjettrammene til universiteta og høgskulane, medan dei større tiltaka vil krevje store investeringar.

Rapporten gir eit viktig bidrag til arbeidet i Kunnskapsdepartementet med oppfølging av eigedomsporteføljen i universitets- og høgskulesektoren.