Historisk arkiv

Ei betre opplæringslov for elevane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa vil ha ei ny opplæringslov som styrker rettane til 850 000 elevar heilt frå 1. klasse til og med vidaregåande. Elevane skal til dømes få meir medverknad og elevdemokrati, elevar i vidaregåande skal få ein fullføringsrett, og lærlingar skal få rett til rådgiving i læretida.

Det er nokre av satsingane når regjeringa sender ei ny opplæringslov på høyring i dag.

– Opplæringslova er ei av våre viktigaste lover. Ho grip inn i kvardagen til over 850 000 elevar og 45 000 lærlingar over heile landet. Derfor må vi ha ei oppdatert lov som sikrar at alle elevar får ei god opplæring, same kvar dei bur og kva for behov dei har. Vi tek fleire grep som vil styrke rettane til elevane, og set elevanes beste først, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

23 år sidan førre lovgjennomgang

Regjeringa har gjort ein heilskapleg gjennomgang av opplæringslova. Bakgrunnen er at etter 23 år med fleire reformer og lovendringar har lova blitt oppstykka, omfattande og vanskeleg å finne fram i.

– Vi treng ei ny og framtidsretta opplæringslov. I forslaget vårt blir mykje vidareført, noko går ut, og viktige nyvinningar kjem til. Med eit klarare språk og meir oversiktleg inndeling vil lova vere enklare å finne fram i og forstå. Ho blir betre og meir tilgjengeleg for elevar, foreldre, lærarar og andre som treng å orientere seg i regelverket, seier Melby.

Forslaget til ny opplæringslov tar utgangspunkt i mellom anna tilrådingar frå opplæringslovutvalet (NOU 2019: 23) og over 700 høyringsinnspel. Det har også vore fleire høyringsmøte, blant anna eit eige møte med elevar.

Styrker elevdemokratiet

Eit heilt nytt grep er at regjeringa foreslår å ta sentrale elevrettigheitar inn i opplæringslova. Lova vil krevje at det skal takast grunnleggjande omsyn til kva som er best for elevane, og at elevar skal bli høyrde i alle saker som handlar om dei. 

Regjeringa foreslår òg å utvide høvet for elevane til sjølve å velje korleis dei vil organisere elevdemokratiet på skolane. Regjeringa vil at lova skal påleggje skolane å oppmuntre elevane til å delta i elevdemokratiet og hjelpe elevane med organiseringa og gjennomføringa.

– Vi må sørge for at alle elevar får moglegheit til å bli høyrde. Til no har lova berre peika på elevråd, men vi veit at mange elevar har ønskt seg å organisere elevdemokratiet på andre måtar for at fleire stemmer skal bli høyrde. Nokre vil bruke nye og breiare kanalar som til dømes digitale røystingar og kvitring*. Vi meiner det er riktig at lova opnar for dette, så elevane sjølve kan organisere skoledemokratiet på skolen sin, seier Melby.

Gir elevar fullføringsrett og lærlingar rett til rådgiving

I dag fell kvar femte elev frå i løpet av vidaregåande. Regjeringa vil gjere fleire endringar for å få fleire til å fullføre. Mellom anna blir det innført ein ny fullføringsrett. Retten gjer at elevar skal få opplæring til dei har fullført og bestått. Retten vil ikkje vere avgrensa til tre år, slik han er i dag. Samstundes vil regjeringa oppheve unødige tidsavgrensingar i retten for påbygging og omval. I dag kan elevar berre ta påbygg i eitt år, og dei kan berre gjere eitt omval. Med den nye lova kan elevane fullføre sjølv om dei bruker fleire år eller treng fleire omval for å kome gjennom. 

Ei anna nyvinning er at lærlingar skal få rett til rådgiving. Fylkeskommunane skal sørgje for at dei som går i lære i bedrift, har tilgang til rådgiving gjennom skolen der dei var elevar. For sjølv om lærlingar er del av arbeidsstokken i en bedrift, er dei framleis under opplæring. Derfor vil regjeringa at lærlingane óg skal ha tilgang på rådgivartenesta slik elevane i skolen har.

– Etter mange tiltak sidan 2013 ser vi ei positiv utvikling, og stadig fleire fullfører. Men vi har framleis ein veg å gå. Med fullføringsretten får fylkeskommunar og skolar eit større ansvar for elevane og for å lage betre tilpassa opplæringsløp heilt frå start. Med rådgivingsteneste for lærlingar vil vi bidra til å motivere fleire til å fullføre læretida, seier Melby.

Forslaga er ein oppfølging av Fullføringsreformen.

Styrker retten til nynorskbrukarar og samiskspråklege elevar

Med den nye opplæringslova vil regjeringa at elevar som har valt å få opplæring på nynorsk i barneskolen – sjølv om dei bor i ein bokmålskommune – skal kunne fortsetje med nynorsk som hovudmål i ei eiga klasse også på ungdomsskolen.

– Dette er ei styrking av elevane sine rettar og av posisjonen til nynorsken. Det er viktig og riktig at elevar som har nynorsk som skriftspråk på barneskolen, kan fortsetje med dette på ungdomsskolen, seier Melby.

Regjeringa foreslår også at elevar som har hatt opplæring i samisk i grunnskolen, skal ha same rett til opplæring i vidaregåande. Regjeringa høyrer ope om det bør innførast ein rett til opplæring på samisk i to fag for samiske grunnskoleelevar utanfor samiske distrikt, om minst tre elevar i kommunen krev det. Dette kan utvide retten til opplæring på samisk til å gjelde i heile landet.

– Vi har hatt ein grundig prosess før vi nå legg fram eit forslag til ny opplæringslov, og det har vore eit stort og flott engasjement. Det er tydeleg at lova er viktig for kvardagen til mange. No håper vi på mange gode innspel i høyringa av forslaget, seier Melby.

Høyringsfristen er 20. desember 2021.

Les heile forslaget til ny opplæringslov .

*Kvitring kan for eksempel vere chatting med elevar.