Historisk arkiv

Ei lærarrolle i endring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Ekspertgruppa om lærarrolla leverte måndag 15. august rapporten sin til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

– I haust startar over 60 000 seksåringar på skolen for aller første gong. Når dei går ut av ungdomsskolen om ti år skal dei stå godt rusta for framtida som ventar dei. Det er liten tvil om at lærarane har ein av dei aller viktigaste jobbane i samfunnet vårt, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Rapporten Om lærarrolla. Eit kunnskapsgrunnlag vart måndag 15. august lagt fram på ein pressekonferanse. Ekspertgruppa har sett nærare på korleis lærarrolla har utvikla seg over tid og kva for forventingar samfunnet har til lærarane i dag.

– Lærarane møter fleire krav og forventingar i dag enn dei gjorde for 20 - 30 år sidan. Denne rapporten minner om at kjerneoppgåva til lærarane er undervisinga. Det er eit godt utgangspunkt for å diskutere lærarrolla i tida framover, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

– Læraryrket blir forma i møte med elevane

Ekspertgruppa om lærarrolla vart oppnemnd av Kunnskapsdepartementet 27. juli 2015. Professor ved Program for lærarutdanning ved NTNU, Thomas Dahl, har vore leiar av ekspertgruppa. 

– Læraryrket blir forma i møte med elevane og læringa deira. Relasjonen til elevane, og faga dei underviser i, vil alltid vere kjernen i lærarrolla. Men ei utvikling av lærarrolla betyr også å bygge på andre relasjonar. I rapporten peiker vi blant anna på kor viktig det er med eit godt lærarfellesskap, der lærarane på ein og same skole,og på tvers av skolar, samarbeider om å styrke og utvikle undervisninga, seier professor ved NTNU, Thomas Dahl.

Ekspertgruppa kjem i rapporten med fleire anbefalingar til korleis lærarrolla kan styrkast dei neste åra:

Undervisning er kjerneoppgåva til lærarane, og bør difor vere utgangspunktet for utviklinga av lærarrolla framover.

  • Styrke profesjonsfellesskapet til lærarane – ikkje berre på den enkelte skole, men også lokalt, regionalt og nasjonalt.
  • Fleire profesjonar inn i skolen og meir differensiering av lærararbeidet, til dømes lærarspesialistar og ressurslærarar.
  • Styrke lærarutdanninga – meir profesjonsretta og forskingsbasert, og samstundes tettare på kvardagen i klasserommet.
  • Meir forsking på lærarrolla og utviklinga av skolen og undervisninga.
  • Skolesektoren bør ha nokre få, gode mål det er brei einigheit om.

– Fagleg sterke og trygge lærarar

– Vi veit at læraren er ein sentral faktor for læringa og utviklinga til elevane. Vi veit også at det er mange dyktige og motiverte lærarar som ønsker seg meir fagleg påfyll.  Regjeringa er i gang med ei historisk satsing på vidareutdanning for lærarar – og vi gjer om lærarutdanninga til ein femårig mastergrad frå neste haust, seier kunnskapsministeren.

Over 10 000 lærarar søkte tidlegare i år om å ta vidareutdanning. 5300 av dei startar i haust på eit studium – og satsinga held fram dei neste åra. Ordninga med lærarspesialistar er under utprøving mange stader i landet, og til hausten startar ei ny vidareutdanning for dei lærarane som vil bli lærarspesialistar.

– Regjeringa har som mål å få ein skole der alle elevar får like sjansar, uansett kor dei kjem frå og kva utdanning foreldra deira har. Då treng dei fagleg sterke og trygge lærarar, understrekar Røe Isaksen.

Her kan du lese heile rapporten.