Forsvarsministermøte i European Intervention Initiative avhaldas i Oslo

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Det årlege ministermøtet for dei 13 landa i  European Intervention Initiative (EI2) vil bli arrangert i Oslo 7. desember.

Dei 13 landa som deltar i EI2 er Belgia, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Italia, Tyskland, Nederland, Noreg, Portugal, Spania, Storbritannia og Sverige. Representantar frå alle land vil vere til stades i Oslo. Fleire av landa planlegg å stille med sin forsvarsminister.

På agendaen for møtet står tryggingssituasjonen i Europa etter den russiske invasjonen av Ukraina. Situasjonen i Mali og vestlige Afrika vil også bli diskutert, samt det vidare arbeidet i initiativet.


Praktisk informasjon:
Det vil vere noe tid til intervjuar i  løpet av ettermiddagen. Ta kontakt for nærare avtale.

Frist: 6. desember.

Stad: Fanehallen, Akershus festning.

Pressekontakt: Marita I. Wangberg, telefon 905 123 19, e-post miw@fd.dep.no

eller pressevakt i Forsvarsdepartementet, telefon 23 09 60 11, e-post fdinfo@fd.dep.no


Om EI2:
EI2 er et ikkje-bindande samarbeid av europeiske land som er villege til å bidra til militære operasjonar for å respondere på truslar og utfordringar mot europeisk sikkerhet. Operasjonene kan skje innanfor ramma av EU, NATO, FN eller koalisjonar av villege.

EI2 skal vere ein fleksibel og pragmatisk ramme der landa sjølve vel kva for initiativ dei vil bidra til.

Eis2 logo