Eit av Noregs viktigaste fiskevær er freda

Dette innholdet er mer enn 1 år gammelt.

I dag vedtok Kongen i statsråd å frede Henningsvær kulturmiljø i Vågan kommune. Det er det trettande kulturmiljøet som vert freda på denne måten. Fiskeværet fortel ein viktig del av Noreg si historie.

– Henningsvær er eit av våre historisk viktigaste fiskevær og fortel ein viktig del av Noreg si historie. Kulturmiljøet er av nasjonal verdi og syner utviklinga frå rorvær til moderne fiskevær frå 1800-talet til i dag, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Henningsvær
Fredinga skal oppretthalde og vidareutvikle Henningsvær som ein levande stad med bustader, fiske, handel og anna næring. Det er lagt vekt på å balansere omsynet til vern og utvikling i fredinga. Foto: Trond Isaksen

Variert kulturmiljø

Føremålet med fredinga er å bevare Henningsvær kulturmiljø som eit godt døme på utviklingshistoria langs kysten. Fiskeværet syner utviklinga frå rorvær til moderne fiskevær med variert næring frå byrjinga av 1800-talet til i dag.

Under den store vekstperioden på 1800-talet vart det bygd rorbuer og fiskehjellar, oppretta telegraf, postopneri og fyr, samt bygd kapell og sjukestue. Moderniseringa av fiskeriene, ny ressursforvalting og endringar i næringsgrunnlaget på 1900-talet har òg satt sitt preg på kulturmiljøet. Det ble oppretta fleire fiskemottak og næringar knytt til fiskeriene. Det vart òg bygd molo og kaifronten vart bygd ut. I tillegg vart det oppført fleire bustader og forretningar, og det vart anlagd bilveg. Endringane i ressursgrunnlaget, fiskeripolitikken og fiskerinæringa frå omlag 1970 og fram til i dag, har medført endringar av bygningar for å møte nye behov og nye næringar.

Fredinga omfattar delar av Heimøya og Hellandsøya, samt Heimsundet. Kulturmiljøet er på omlag 226,15 dekar, kor sjøarealet utgjer omlag 67,6 dekar.

Freding med rom for utvikling

– Det er eit nasjonalt klima- og miljømål at eit mangfald av kulturmiljø skal takast vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk. Fredinga vil bidra til ei langsiktig forvalting av kulturmiljøet. Vi skal ta vare på verneverdiane, men det skal ikkje vere til hinder for at Henningsvær skal kunne utvikle seg som ein levande stad, seier Eide.

Fredinga skal sikre at kulturmiljøet blir tatt vare på som ei kjelde til kunnskap og oppleving for dei som lever i dag og for framtidige generasjonar, og som ein ressurs for samfunnsutviklinga. Fredinga skal oppretthalde og vidareutvikle Henningsvær som ein levande stad med bustader, fiske, handel og anna næring. Det er lagt vekt på å balansere omsynet til vern og utvikling i fredinga.

Riksantikvaren varsla oppstart av fredingssak i 2019 og har gjennomført ei fredingsprosess med lokal involvering og medverking. Det har danna grunnlaget for fredingsdokumenta. Riksantikvaren sendte si faglege anbefaling til Klima- og miljødepartementet våren 2022. Klima- og miljøministeren la fram saka for vedtak av Kongen i statsråd 14. oktober 2022.

– Riksantikvaren takker alle som bur i Henningsvær for det store engasjementet i saka. Vi er opptatt av lokal involvering og medverknad i fredingsprosessar. Vi la ned mykje arbeid i å vere på staden og få ein god dialog med folk og næring, og innspela har hatt hadde mykje å seie for korleis fredinga blei utforma, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Klima- og miljødepartementet og Riksantikvaren vil takke alle i referansegruppa, Henningsvær innbyggerforening, Vågan kommune og Nordland fylkeskommune for konstruktiv dialog og samarbeid i saka.

Kva er eit kulturmiljø?

Eit kulturmiljø er eit område der kulturminne inngår som ein del av ein større heilskap. Når ein fredar eit kulturmiljø, er det for å ta vare på heilskapen og samanhengen i kulturmiljøet. Ei kulturmiljøfreding omfattar uteareal og eksteriøret til bygningane (ikkje interiøret).

Ei lovendring i kulturminnelova i 1992 gjorde det mogleg å frede eit kulturmiljø ut ifrå den totale kulturhistoriske verdien til kulturmiljøet, utan at dei enkelte elementa innafor kulturmiljøet har fredingsverdi i seg sjølve.. Denne type fredingar vert vedtekne av Kongen i statsråd. Henningsvær kulturmiljø er det trettande kulturmiljøet som vert freda på denne måten.

Kulturmiljøfredning Henningsvær