Statsbudsjettet 2027
Ei historisk endring av studielån og stipend
Pressemelding | Dato: 07.10.2026 | Kunnskapsdepartementet
Regjeringa foreslår å knytte studielån og stipend til grunnbeløpet i folketrygda. Det vil gi studentane betre kjøpekraft og 7000 kroner meir i studielån i studieåret 2027-28 enn i dag.
– Dette er ei viktig endring som framover vil gi studentane betre kjøpekraft, og frå neste haust vil dei få 7000 kroner meir i studielån enn i år. Det vil gi studentane meir tid til å studere og sørge for at dei i større grad heng med lønnsveksten, seier forskings- og høgare utdanningsminister Eileen Fugelsnes (Ap).
Denne koplinga til grunnbeløpet i folketrygda (G) har vore etterspurd av studentorganisasjonar i mange år.
7000 kroner meir i basislån
I dag blir basislånet justert etter prisveksten i samfunnet. Det har gjort at studentane ikkje har fått auka kjøpekraft når lønnsveksten har vore høgare enn prisveksten.
Forslaget frå regjeringa fastset utdanningsstøtta til det forholdet til grunnbeløpet i folketrygda som er no, som er 1,25 G. Det vil gi studentane same vekst i støtta som lønnsveksten, og dei vil i større grad ta del i velstandsutviklinga i samfunnet.
Med forslaget vil basislånet for studieåret 2027-28 auke med 4,21 prosent, som er litt over 7 000 kroner samanlikna med studieåret 2026-27.
– Arbeidarparti-regjeringa har dei siste åra gitt studentane eit stort økonomisk løft. Frå neste haust får studentane 51 000 kroner meir utbetalt enn da regjeringa tiltrådte i 2021, seier Fugelsnes.
3050 nye studentbustader
Regjeringa foreslår å gi tilsegn til å bygge eller rehabilitere 3 050 fleire studenthyblar. Pressområde med låg dekningsgrad vil bli prioritert.
– Den største enkeltutgifta for dei fleste studentar er husleiga. Eit av dei viktigaste grepa vi kan ta for å betre økonomien til studentane, er å bygge fleire rimelege studentbustader. Dette har regjeringa gjort, og det skal vi halde fram med. Målet vårt er å bygge 12 000 nye studentbustader i løpet av regjeringsperioden, seier Fugelsnes.
I fjor vart det ferdigstilt rekordmange studentbustader, og i løpet av 2026 vil det vere 4 500 studentbustader under bygging.
60 millionar til straumstøtte i studentbustader
Regjeringa foreslår òg 60 millionar til ordninga med straumstøtte til studentsamskipnadene og studentbustadstiftingane. Pengane skal kompensere for auka straumutgifter i studentbustader med felles straummåling, slik at husleiga ikkje må setjast opp.
– For Arbeidarpartiet er det viktig å sørge for at studentane ikkje betaler meir for straumen enn resten av befolkninga. Med denne straumstøtta skjermar vi studentar som bur i studentbustader, mot høgare husleige, seier Fugelsnes.
Aukar også bortebuarstipendet
Regjeringa vil òg styrke bortebuarstipendet for elevar som tek vidaregåande opplæring utanfor foreldreheimen, ved å knyte bortebuarstipendet til grunnbeløpet i folketrygda. Med forslaget vil bortebuarstipendet, på same måte som basislånet, auke med 4,21 prosent, frå 7015 kroner til 7310 kroner i månaden.