Endring i forskrifta om allmenngjering av tariffavtale for overnattings-, serverings- og cateringverksemder

Tariffnemnda har vedteke ei endring i lønsføresegna i forskrifta om allmenngjering for overnattings-, serverings- og cateringverksemder som vart fastsett 3. november 2017.

Endringa inneber at byrjarløna for arbeidstakarar over 20 år, eller etter 4 månaders praksis over 18 år, skal vere minst kr. 157,18 per time. Dette går fram av ny § 3(2) i forskrifta. 

Forskrifta tek til å gjelde 1. januar 2018.