Historisk arkiv

Endringar i arbeidsmiljølova om fast tilsetjing og innleie frå bemanningsverksemd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Stortinget vedtok før sommaren endringar i arbeidsmiljølova som trer i kraft 1. januar 2019.

Endringane omfattar følgjande hovudelement:

  • ein definisjon av kva ei fast tilsetjing i arbeidsmiljølova inneber
  • ei tydeleggjering av plikta til informasjon om arbeidstid i arbeidsavtalen
  • ei avgrensing når det gjeld høvet til innleie frå bemanningsverksemd etter avtale med tillitsvalde.

Lova trer i kraft 1. januar 2019. For endringa når det gjeld høvet til innleie er det gitt ein overgangsregel. Denne endringa får verknad først frå 1. juli 2019 for innleieforhold som allereie eksisterer når lova skal ta til å gjelda.

Sjå endringslova her:

Sjå forarbeida her: