Historisk arkiv

Endringar i eigedomsskattelova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Regjeringa foreslår at kommunane skal kunne frita fritidsbustader når dei skriv ut eigedomsskatt, og at kommunane må bruke lågaste skattesats når dei utvidar skatten til også å gjelda for bustader og fritidsbustader. - Endringane vil gje meir fleksibilitet til kommunane og ei gradvis innfasing av eigedomsskatt for dei som eig bustader og fritidsbustader, seier finansminister Siv Jensen.

Når kommunane skriv ut eigedomsskatt i heile kommunen, må dei inkludere fritidsbustader. Ved å frita fritidsbustader for eigedomsskatt vil kommunane kunna leggje betre til rette for hytteutbygging, med ringverknader for det lokale næringslivet.

Eigedomsskattesatsen skal vere to promille det første året kommunen skriv ut eigedomsskatt. Seinare år kan satsen aukast gradvis inntil maksimalt sju promille. Satsen kan likevel vere inntil sju promille frå første året når kommunen allereie skriv ut eigedomsskatt på annan eigedom. For eksempel er det ikkje uvanleg at kommunar som har hatt eigedomsskatt på "verk og bruk" utvidar eigedomsskatten til å omfatta også bustader og fritidsbustader. Regjeringa meiner dagens reglar kan medføre ei for brå økonomisk belasting for eigarane av bustader og fritidsbustader.

Regjeringa foreslår derfor at eigedomsskattesatsen på bustader og fritidsbustader skal vere to promille det første året kommunen skriv ut eigedomsskatt på slik eigedom, også når kommunen har skrive ut eigedomsskatt på annan eigedom tidlegare. Forslaget inneber at kommunen må byrje med lågaste skattesats også i desse tilfella, og i tillegg at ein eventuell auke i skattesatsen må skje gradvis.

Regjeringa foreslår at endringane skal tre i kraft frå 1. januar 2017.