Endringar i lovar og reglar frå 1. juli 2026 frå Kultur- og likestillingsdepartementet
Nyheit | Dato: 22.06.2026 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Her er oversyn over viktige regelendringar frå 1. juli 2026 på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt ansvarsområde.
Ny forskrift om Statens kunstnarstipend
26. mai fastsette Kultur- og likestillingsdepartementet ny forskrift for Statens kunstnarstipend. Forskrifta skal gjere regelverket enklare både for søkjarar og for fagfellane som behandlar søknadene. Ho skal òg sikre at ordninga blir forvalta på ein god og effektiv måte. Forskrifta er ein del av oppfølginga av Meld. St. 22 (2022–2023) Kunstnarkår.
Forskrifta trer i kraft 1. juli 2026.
Ny forskrift om tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet frå speloverskotet til Norsk Tipping (anleggsforskrifta)
Forskrifta regulerer fordeling av speloverskotet til Norsk Tipping til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Forskrifta erstattar dei årlege føresegnene frå Kultur- og likestillingsdepartementet om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Tilskotsordninga skal bidra til å gi den enkelte høve til å drive idrett og fysisk aktivitet gjennom den frivillige, medlemsbaserte idretten, og gjennom eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet. Anlegg for barn og unge frå og med 6 år til og med 19 år, samt anlegg som legg til rette for personar med nedsett funksjonsevne, skal prioriterast.
Forskrifta tok til å gjelde frå 15. juni 2026.